Torbjørn Brosvik, seksjonssjef i Trafikant Vest. Foto: privat
- Annonse -

Med verknad frå og med onsdag endrar Stord trafikkstasjon smittvernnivået frå gult til oransje.

– Vi endrar no smittevernnivå på førarprøvar som følgje av eit større tal smitta i Stord kommune. Vi følgjer spesielt med på aldersgruppa unge vaksne som er mest aktuell for førarprøvar hos oss, opplysar seksjonssjef for Trafikant Vest, Torbjørn Brosvik, i ei pressemelding onsdag.

Køyreskulane landet rundt opererer no ut frå Statens vegvesen sine nivåbaserte smitteverntiltak. Desse tiltaka, delt inn i fire ulike nivå, kan gjelde førarkortklassar, geografiske område og trafikkstasjonar, og vert oppdatert i tråd med den lokale smittesituasjonen

På det første, grøne nivået er det ingen særskilde smitteverntiltak, medan ein på det fjerde, røde nivået ikkje gjennomførar praktiske førarprøver.

No går Stord frå gult, som tyder «ordinære smittevernstiltak», til oransje, som tyder «utvida smittevernstiltak».

– Dette betyr at alle som skal ta førarkort for bil eller tilhengar må nytte munnbind under førarprøven. I tillegg er det viktig at trafikkskulane har god reinhald i bilane og tar smittevern på alvor, seier Brosvik.

- Annonse -

Dette er punkta oransjemerka køyreskular må forhalde seg til:

  • Det er kun kandidat og sensor i køyretøyet under førarprøven, og begge må nytte munnbind i køyretøyet.
  • Det vert oppmoda om at det kun er kandidatar frå lokalområde som får avleggje prøve. Det kan bli innført avgrensing dersom situasjonen tilseier det.
  • Ambulering av sensorar vert avgrensa så langt det er mogleg.