Arrangørane bak "pride i dalen". Foto: Romsleg
- Annonse -

LESARBREV: Uskedalen sentrum blir nemleg åstad for ein fargerik og raus folkefest når Kvinnherad Pride og Festidalen sine 20 herlege år som festival og møteplass blir markert.

Av: Jorun Larsen (leiar i Romsleg)

Laurdag 24. juni er det eitt år sidan dei skjebnesvangre skota losna i hovudstaden, og våre illusjonar om eit trygt Noreg for LHBTQ-personar vart smadra.

Dagen etter er det òg eitt år sidan folk strøyma opp på Dønhaug, og såg all den kjærleiken som bur i Festidalen. ALLE var velkomne, og jordet vart ein særskilt viktig møteplass denne kvelden.

Når eittårsdagen no nærmar seg, vekkjer den tviegga kjensler. Minna om dei to drepne og fleire skada i Oslo er vonde. Samstundes gjev det gode fellesskapet på jordet oss tru på at kjærleiken faktisk er størst av alt. Kjærleik har trass alt vore eit av Festidalen sine gromme fyndord gjennom festivalen sine 20 år, noko som kjennest.

Det kjennest frykteleg godt.

- Annonse -

Me er difor svært glade for å melda at Festidalen og Romsleg i år har inngått eit samarbeid: Me skal nok ein gong samlast for å feira kjærleiken, og ALLE er velkomne. LHBTQ-personar skal vera trygge i Norge. Trua på at dette ein dag kan verta ein realitet blir styrka når ein står saman.

Saman har me med oss ein annan jubilant, Sparebanken Vest som fyller ikkje mindre enn 200 år. Dei deler ut kake og merksemd til alle som kjem. Det er utruleg godt å ha med oss ein støttespelar som er med, støttar opp og som har dei same verdiane som oss.

24. juni 2023 vil skriva seg inn i historia med alle fargane i pennalet og hjartevarme emneknaggar.

Uskedalen sentrum blir nemleg åstad for ein fargerik og raus folkefest når Kvinnherad Pride og Festidalen sine 20 herlege år som festival og møteplass blir markert.

Me lovar kake, underhaldning, appellar, parade, musikk, kjærleik og jamt over god stemning. Mest av alt lovar me å stå saman for å skapa eit samfunn kor alle, uansett legning eller kjønnsidentitet, kan kjenna seg trygge.

- Annonse -
Forrige artikkelStørre interesse for å bli rektor på denne skulen. Sjå kven som har søkt
Neste artikkelTrafikkdirigering på E39 etter røykutvikling frå vogntog