Aleksander Isdal Günther har fått inn bilete frå dei kjende gatekunstnarane AFK (t.v.) og Dolk (t.h.) og ønskjer å satse meir på gatekunst framover.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Galleri Günther har fått inn gatekunstbilete av dei bergensbaserte gatekunstnaren AFK og Dolk.

Aleksander Isdal Günther som driv Galleri Günther i Leirvik sentrum har fått inn fleire bilete frå den kjende gatekunstnaren «AFK» (Away From Keyboard).

– AFK har ikkje hatt utstilling på Stord før no, og det ser ut som Stord har tatt han godt i mot, seier den unge kunsthandlaren som allereie har selt to av bileta.

I tillegg har han eit bilete av Dolk, som er ein anna kjend gatekunstnar frå Bergen.

Aleksander Isdal Günther starta sitt eige galleri i Borggata i fjor.

Anonym kunst

Gatekunst er ofte ein anonym form for kunst som vert oppført i husfasader, ofte ubestilt og gjerne ulovleg. Kunstnarane opererer ofte med pseudonym for å unngå problem med politiet.

Mange av desse er no blitt etablerte kunstnarar, der AFK er ein av dei mest kjende i Norge.

- Annonse -

– Kunsten til «AFK» har ofte ein ekstra mening, og drar også opp tema som kan være «tabu» I samfunnet. Dersom du går deg ein tur i gatene i Bergen er det nesten umogleg å ikkje sjå eit av verka han har laga, og det er lett å skilje mellom han og dei andre kunstnerane, seier Günther.

Eit av verka, «Question everything but this statement» viser ei lita jente med sommerfuglvinger som ser på ein miniatyrfigur av seg sjølv som sitter på fingeren hennes, som igjen ser på en miniatyrfigur av seg sjølv.

Vil ha meir gatekunst

Aleksander seier han vil prøve å få inn fleire gate-kunstnere i framtida.

– Gatekunst er veldig kult fordi det tek opp politiske tema og så er det ein heilt anna stil enn vanleg biletekunst.

Ein anonym kunstnar har sett opp dette gatekunstverket på ein trafostasjon ved Nattrutekaien i Leirvik.

Günther fortel at han har eit auge for nye kunstuttrykk som kjem opp på Stord, og har sett at det er kome eit gatekunst-verk på Nattrutekaien.

– Eg synst dette var veldig stilig, men eg veit ikkje kven som står bak det, seier Günther.

– Eg håper på å sjå fleire verkeleg bilete ute i gatene på Stord også. Kanskje samfunnskritiske bilete som både kan vere flotte og sjå på eller kan provosere folk. Men det er vel det som er meininga med kunst?

Günther ønskjer gjerne å få kontakt med eventuelle gatekunstnarar på Stord som er interesserte i å få bileta sine inn i eit galleri.

- Annonse -