Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Kommunen si samla lånegjeld har auka med 356 millionar kroner berre i løpet av 2018. Gjeldsgraden er langt over det som vert tilrådd.

Den endelege årsrekneskapen til Stord kommune vert lagt fram for politikarane i desse dagar.

Her framgår det at både rådmannen og kontrollutvalet i Stord kommune uttrykkjer bekymring for den svært høge gjelda i kommunen. Kommunen si samla lånegjeld har auka med 356 millionar kroner i 2018, og er no på brutto 2,165 milliardar kroner

Kontrollutvalet viser til ei uttale frå Riksrevisjonen frå 2015, der det var tilrådd at kommunane ikkje bør ha meir enn tilsvarande 75 prosent av driftsinntektene i lånegjeld.

– Ved å nytte Riksrevisjonen si tilnærming kjem ein fram til at Stord kommune har ei høg lånegjeld tilsvarande 123,1 prosent av sum driftsinntekter, altså langt over tilrådinga frå Riksrevisjonen, påpeikar kontrollutvalet.

Høg vekst dei siste åra

Ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2015 då dette talet var på 99,5 prosent.

- Annonse -

– Gjelda har berre auka dei seinare åra.

Kontrollutvalet peikar også på at Stord kommune har sært lite handlingsrom dersom uføresette utgifter skulle dukke opp. Disposisjonsfondet til kommunen er no på 0,96 prosent av driftsinntektene. Riksrevisjonen tilrår fem gonger så mykje.

– Totalt sett har Stord kommune ei særs stor lånegjeld og eit disposisjonsfond monaleg under tilrådingar frå Riksrevisjonen. Driftsresultat er også mykje lågare enn
snitt for kommunane utanom Oslo.

– Gjelda vil auka ytterlegare

Rådmann Magnus Mjør peikar også på utfordringane den høge gjelda og den låge driftsmarginen har for kommunedrifta.

– Investeringsbehovet er stort og økonomiplanen legg opp til at gjelda frametter vil auka
ytterlegare. Hovudutfordringa vil vera å samstundes oppretthalda nivået på tenesteytinga i
kommunen, som frå før har ei rimeleg kostnadseffektiv drift, påpeikar Mjør.

Han meiner det er god budsjettdisiplin i kommunen, og rosar organisasjonen for å drive effektivt. Likevel er gjeldsgraden eit problem.

– Rådmannen ser kommuneøkonomien som utfordrande. Det er mykje knytt til kommunen sitt gjeldsnivå. Kommunen har relativt høge utgifter til renter og avdrag. Det er ei utfordring at budsjettet ikkje har reservar for å handtera auka etterspurnad etter tenester og uføresette hendingar.

- Annonse -