Bergensartisten Alan Walker kjem til Tysnesfest til sommaren. Foto: Stian Andersen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Koserte måtte avlysast i fjor grunna forferdeleg uvêr. No har han sagt ja til å prøve på nytt i årets utgåve av festivalen.

– Då uveret sette ein stoppar for Alan Walkers konsert på Tysnesfest i fjor, lova bergensaren at han skulle komme tilbake i 2018. Me er no utruleg stolte over å bekrefta at avtalen med Walker er i boks!

Det skriv festivalsjef Øystein Vaage i ei pressemelding.

I fjor vart nemleg Alan Walker-konserten avlyst av tryggleiksomsyn då det plutseleg kom voldsom vind på festivalområdet.

20-åringen frå Fana har gjort ei lynkarriere. Han er født i England, men har budd i Fana utanfor Bergen mesteparten av sitt liv. I desember 2015 vart han verdskjent med singelen «Faded», som i skrivande stund er strømma nesten 1,5 milliard gonger på Youtube, og meir enn 700 millionar strøymingar på Spotify.

–  Slikt vær som me opplevde laurdagskvelden under Tysnesfest 2017 er heldigvis veldig sjeldan midt på sommaren, og i 2018 ligg alt til rette for at me kan få ei magisk oppleving når Alan Walker går på scena laurdag 14. juli.

- Annonse -
- Annonse -

Desse artistane er til no booka til Tysnesfest 2018:

- Annonse -

Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, Bigbang, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk og The Vossa Rebels.

Dette skreiv Alan Walker på Instagram etter at konserten vart avlyst i fjor:

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -