Aktor Tore Kulstad (t.h.) la ned påstand om 19 års forvaring for 51-åringen då saka gjekk for Sunnhordland tingrett. Det held han fast ved i ankebehandlinga. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Dette er så massivt at det er vanskeleg å finne samanliknbar rettspraksis, sa aktor Tore Kulstad i sluttprosedyren.

Den fire veker lange rettssaka mot 51-åringen frå ein kommune i Sunnhordland går mot slutten. Han er sikta for svært grove og langvarige valdtekter mot si eiga dotter, og vald og trugslar mot resten av familien.

På rettens siste dag var det tid for sluttprosedyrar. Aktor Tore Kulstad var først ut. I prosedyren ga han uttrykk for at saka er så alvorleg at det var vanskeleg å finne samanliknbare domsavseiingar.

– Det som gjer saka så spesiell er ar forholda har gått over ein svært lang periode, med massive overgrep, valdtekter i kombinasjon med eit valdsregime. Samla sett blir det eit veldig massivt bilete av ting som har føregått i ei årrekkje. Det gjer at dette blir ei veldig spesiell sak og ei vanskeleg straffutmåling, innleia Kulstad.

Vanskeleg med samanliknbar rettspraksis

Han gjekk så gjennom ei rekkje dommar som hadde parallellar til denne saka, men fann ingen forhold så langvarige og systematiske som 51-åringen er tiltalt for.

– Straffa skal speile det totale omfanget av det dei fornærma har vore utsett for, og det er det som er vanskeleg her. Dette er så massivt at det er vanskeleg å finne samanliknbar rettspraksis.

- Annonse -
- Annonse -

Det vart vist til ei lang rekkje straffskjerpande moment i sluttprosedyren. At overgrepa har skjedd over svært lang tid, at overgrepa har skjedd ved penetrering med sædavgang heilt frå dottera var fire år, at overgrepa er blitt gjort av jenta si næraste tillitsperson, samt at overgrepa har skjedd i hennar eiga seng, i leggesituasjoner.

– Faren har tvinga ho til å leve med dette over så mange år. Ho har ikkje hatt nokon stad å kome seg unna. Dette er klart straffskjerpande, sa aktor.

19 år forvaring

Kulstad kom så fram til at 19 år var ein passeleg lengde på straffa, altså nært opp til lova si strengaste straff.

– Etter ei totalvurdering meiner eg at me ikkje kjem heilt opp til 21 år, men me ligg nært. Eg meiner forholda til saman bør gi ei fengselsstraff på 19 år.

Kulstad kom under tvil fram til at fengselsstraffa til 51-åringen bør gjort som ei forvaringsdom, med ei minstetid på 12 år. Det betyr i praksis at han kan sitje fengsla livet ut.

Aktor grunngir dette i hovudsak med risikoen for nye valdshandlingar

– På bakgrunn av risikoen meiner eg samfunnsvernet, under tvil, ikkje er nok ivareteken gjennom fengselsstraffa. Difor legg eg ned påstand om forvaringsstraff.

- Annonse -

Minstetida for forvaringsstraffer skal etter ny rettspraksis setjast til minimum to tredjedeler av fengselsstraffa, altså 12 år i denne saka.

Stor fare for gjentaking

Kulstad begrunna forvaringsstraffa med den høge faren for gjentaking, slik også dei sakkunnige har gitt uttrykk for i deira vitneavhøyr.

– Dei sakkunnige seier det høg risiko for alvorlege overgrep mot partnar, stalking og æresvold, både på kort og lang sikt. Det grunngir dei med personlegheitsforstyrringa hans, som dei seier er svært vanskeleg å behandle.

– Det er dermed langsiktig risiko for nye straffbare handlingar av alvorleg art. Dette stemmer også overeins med kva familien hans seier, om at dei er svært redde for kva han kan finne på, sa aktor.

Har ikkje teke noko inn over seg

Eit anna moment som tilseier forvaringsdom er i følgje aktor at tiltalte ikkje har erkjent noko av dei seksuelle overgrepa.

– Tiltalen viser at han ingen skruplar med å opptre på denne måten. Han innrømmer ingenting. I staden forklarar han framleis at det er dottera som har fått han til å ha sex med ho, og har forsøkt å drepe han og valdta han. Det viser at han ikkje har teke noko inn over seg, trass i det massive bevisbiletet mot han. Det er heilt klart relevant for farevurderinga for gjentaking.

I tillegg viste Kulstad til at 51-åringen har utført vald mot ein medinnsatt i Haugesund fengsel i løpet av det siste året han har vore varetektsfengsla.

– Måten han fortalte om dette, der han nærast var stolt over måten han ordna opp på, seier noko om korleis han er og korleis han tenkjer. Han oppfører seg i akkurat same spor som tidlegare.

Krevjer oppreising på meir enn ein million

Bistandsadvokaten til 51-åringen si dotter, Eirik Teigstad, la ned påstand om tiltalte skal betale 500.000 kroner i oppreising til kvinna.

Bistandsadvokaten dei dei tre sønene til 51-åringen, la ned påstand om 150.000 i oppreising for kvar av dei tre.

Bistandsadvokaten til eks-sambuaren fremja krav om oppreising på 200.000 kroner.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -