Supplyskip utanfor Troll A-plattformen. Foto: Anette Westgard / Equinor
- Annonse -

Aker Solutions skal leggje til rette for full elektrifisering av oljeplattformene Troll B og Troll C.

Onsdag vart det kjend at Equinor tildeler Aker Solutions kontrakt for elektrifisering av plattformene.

Kontrakten inneber at Aker Solutions skal forprosjektere og designe modifiseringar som skal forsyne plattformene Troll B og C med straum frå land.

Straumforsyningane skal erstatte dagens praksis der straum blir vunnen ut frå straumgeneratorar som blir drivne av gassturbinar.

Dei planlagde endringane er ein del av ambisjonen i industrien om å redusere klimagassutsleppa sine i Noreg med 40 prosent innan 2030 og nærare null innan 2050.

Modifiseringa er venta å redusere CO2-utsleppa til plattformene med 450.000 tonn per år etter at prosjektet er fullført.

- Annonse -