Agnes Ravatn. Foto: Heidi Eikremsvik/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Agnes Ravatn er klar med Dei sju dørene, hennar første roman etter knallsuksessen med Fugletribunalet.

Den kritikarroste forfattaren, som bur i Valevåg i Sveio og som har ein tett tilknyting til Stord, er klar med enno ein roman.

«Dei sju dørene» handlar om litteraturprofessor Nina Wisløff, som er i ei brytingstid. Arbeidet hennar kjennest mindre og mindre relevant, og huset hennar skal snart rivast. Mannen er travel helsebyråd, og forholdet til den kyniske legedottera er ikkje det beste.

Då leigebuaren deira, Mari, forsvinn sporlaust, går det ikkje lang tid før politiets etterforsking stansar opp. I det stille begynner Nina å nøste opp i kva som kan ha skjedd, og det ho finn, får store ringverknader.

– Dei sju dørene er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit, skriv forlaget.

Ravatn blei for nokre år sidan kreft, noko ho mellom anna var open om i eit intervju med Bergens Tidende.

- Annonse -

Ho skal vere frisk for sjukdomen i dag, men erfaringa har vore nyttig i skrivinga av den siste romanen.

– Eg ville skrive noko alvorleg om sjukdom. Men etter kvart som sjukdommen sleppte taket, forsvann noko av alvoret også, sa Ravatn til BT.

Agnes Ravatn vart portrettintervjua av Stord24 tidlegare i år. Intervjuet kan du lese her.

- Annonse -