Foto: Responsa advokater
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Utvidar staben med to advokatar på Voss og er no til saman 15 advokatar.

– Det er få advokatar på Voss samanlikna med andre stader. Difor har me god tru på at me skal få nok å gjera, seier dagleg leiar i det Stord-baserte advokatfirmaet Responsa, Kjell Petter Neset til avisa Hordaland.

Advokatfirmaet opna kontoret på Voss i førre veke, med to tilsette advokatar.

Det gjer at Responsa no har til saman 15 advokatar i staben, fordelt på hovudkontoret på Stord og avdelingskontor i Haugesund og Voss.

Dagleg leiar, Kjell Petter Neset, seier til Hordaland at Voss har ein underdekning av advokatar, og at dette er bakgrunnen for at dei vil satse der.

- Annonse -

– På Voss kan det vere problem med å få tak i gode advokatar når ein treng det. Ein kan seia at me er spesialistar på å driva advokatverksemd utanfor dei store byane. På mindre stader og på landsbygda må ein drivea slik verksemd på noko annan måte, og det har me brei erfaring med, seier Kjell Petter Neset.

- Annonse -
- Annonse -

Advokatane i Voss vil også ha kontordagar i Kinsarvik og Odda.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -