Foto: MARITA AAREKOL/Bergens Tidende
- Annonse -

Etter lang etterforsking at politiet avgjort å legge vekk saka mot Thea Mannsee, som vart sikta for drap etter at to menn døydde i badstova på garden hennar.

Med eitt års mellomrom døydde to menn i badstova til Mannsee på garden ho bur på i Sveio. Det førte til at politiet sikta ho for drap, i samband med det andre dødsfallet.

No er det klart at den 52 år gamle kvinna kjem til å gå fri.

Det er statsadvokaten i Rogaland som har lagt vekk saka.

– Saka er lagt bort av statsadvokatane i Rogaland, fordi det ikkje er bevist at det er skjedd noko straffbart forhold. Me kan ikkje gjere meir greie for avgjersla som statsadvokaten har teke, opplyser politiadvokat Marte Engesli Lysaker.

Det var kvinna si advokat, Patrick Lundevall-Unger som først melde om at saka vart lagt bort overfor VG. Han varslar moglege sivilrettslege krav som følgje av påkjenninga saka har hatt på kvinna.

- Annonse -

– Klienten min har mista mykje oppi dette, og me vi sjå på om det er mogleg å fremje eit sivilrettsleg krav, seier advokaten til VG.

Politiet har brukt svært lang tid på etterforskinga. Mellom anna vart det gjennomført avhøy i Tyskland.

Stord24 besøkte i vinter garden til kvinna då saka vart kjend.

 

- Annonse -