- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har sagt til elevane at dette må aldri, aldri skje igjen, seier rektor Lars Bakka ved Sagvåg skule.

Ein nabo til Sagvåg skule har dokumentert livsfarleg klatring på den høge muren som går mellom gangvegen til skulen og riksvegen mot Fitjar.

– Det er på tide at ein får opp nokre gjerder som hindrar barn i å klatre på utsida av Fitjarvegen 100 meter frå Sagvåg skule. Barna ferdast ofte på utsida av autovernet og klatrar i muren. Dette må sikrast før nokon fell ned.

Bileta han har teke viser korleis barneskuleelevar klatrar ned den fleire meter høge muren.

– Ser ikkje bra ut

Kontrollingeniør Roger Lemme i Statens Vegvesen seier seg samd i at dette ikkje er ein forsvarleg situasjon.

– Det ser ikkje heilt bra ut dette her. Det ser nok ut som det bør gjerast noko her. Men me er litt usikker på om dette kjem under vårt ansvar.

- Annonse -
- Annonse -

Lemme viser til at det kan vere det er Sagvåg skule sitt ansvar å sikre området.

- Annonse -

– Det kan like gjerne vere skulen sitt ansvar. Det kjem an på kva som kom først, om muren kom i samband med vegen eller om den kom d skulen vart etablert. Dette vil me sjekke opp i.

Kraftig åtvaring til elevane

Rektor Lars Bakka ved Sagvåg skule fortel at han fekk tilsendt bileta i førre veke, og tok det opp med alle elevane umiddelbart.

– Me viste dette på storskjerm i amfiet til alle ungane og sa at dette må aldri, aldri skje igjen. Eg sa det såpass brutalt at her kan ein faktisk dø om ein fell ned. Det er ein forferdeleg farleg plass å klatre og det er ikkje meininga at nokon skal gå der.

Bakka har tru på at dei kraftige åtvaringane har betre effekt enn eit eventuelt gjerde.

– Dette handlar litt om at det er så mange høge skrentar og stup rundt om. Hadde det vore eit gjerde der hadde det kanskje vore eit signal om at ein kunne gå over gjerdet. Så her har me berre føreteke ein alvorleg åtvaring. Eg trur ikkje dette kjem til å skje igjen, seier Bakka.

- Annonse -