Magnar Aaland har gitt seg som administrerande direktør i Advantec. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Den globale Stord-verksemda på Eldøyane har skaffa seg arbeid i Afrika til verdiar på eit tresifra millionbeløp.

2017 var eit svært positivt år for Advantec på Eldøyane. Verksemda landa ei rekkje nye kontraktar i Afrika, som no har skapt optimisme i selsket som for nokre år sidan vart hardt råka av oljenedturen.

Kontraktane som fordeler seg på landa Nigeria, Mosambik og Egypt er nokre av dei største i selskapet si 12 år lange historie.

– Me snakkar om betydelege verdiar. I sum så snakkar me om eit tresifra millionbeløp. Ein av desse kontraktane er nok den største me nokon gong har landa, fortel administrerande direktør Magnar Aaland.

Lang varigheit

Ein del av kontraktane skal leverast allereie i løpet av dette året, og i tillegg er det langvarig ettersal som går på servise av systema ute i verda. I tillegg har dei ein større leveranse i Ghana, samt eit brønnsysteme som skal leigast ut til India.

– Me designar og bygger integrerte system som ei leveranse og deretter følgjer ein viktig servicefase som skal gå over lang tid, slik at me er med kunden gjennom hele livsløpet på systemane våre. Med andre ord me er ikkje ferdig med leveransen når den går ut av døra her.

- Annonse -

Sjølv med store kontraktar friskt i minne trur Aaland på å fylle opp ordrebøkene endå meir i løpet av kort tid.

– Me har òg eit betydeleg tilbodsvolum som ikkje er tildelt slik at me kan auke kapasiteten vår. Me har kapasitet for meir, seier Aaland, som ventar avklaring på fleire nye kontraktar i årets første halvår, og allereie ein no i første kvartal.

Marknadssjef Sigmund Hovland i Advantec syner fram ein av «workover containers» som bedrifta no leverer over heile verda. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Tidlegare tilsette kjem tilbake

Optimismen fører også til at bedrifta kan ta inn igjen tilsette som måtte gå i krisetidene for nokre år sidan.

– No er me midt i ein tilsettingsprosess, og har allereie tilsett 5-6 nye. Fleire av desse har jobba for oss tidlegare. Målet er å ha god kapasitet av tilsette med eit supplement av innleige. Me har alle lært av nedturen me har vore gjennom ved å tilpasse tilsette i høve aktiviteten og bygge stein på stein.

– Korleis vil du samanlikne tidene de no er inne i med oljenedturen for nokre år sidan?

– Me har snudd tendensen og er heilt klart offensive og positive til framtida. Det er heilt klart at me har fått eit regimeskifte med tøffare konkurranse i marknaden, så me må møte eit nytt prisnivå samt ei forventning om å levere ein meirverdi til kundane våre.

Aaland melder om ei spennande tid for dei tilsette, med varierte arbeidsoppgåver og mykje reising for dei som vil.

– Den globale satsinga gir allsidige moglegheiter for dei tilsette. No har me folk i Canada, USA og vil etter kvart sende folk til Afrika. Dei som likar å reise får høve til det, og dei som helst vil halde seg heime kan gjere det.

Globale og lokale

2015 var ein milestein for selskapet, då dei blei kjøpt opp av den globale oljegiganten GE Baker Hughes. Men sjølv om Advantec no er ein del av eit svært internasjonalt konsern, er det framleis viktig for dei å vere lokale. Fleire rammeavtalar både lokalt og offshore gjer at lokasjonen på Stord held fram med å vere viktig i framtida.

– Me ønskjer å ha ein sterk lokal tilstadeverelse med lokalt tilsette, og er veldig opptekne av nærmarknaden. Å kunne stille opp for dei faste kundane, både her på Eldøyane og elles i landet.

Som mange andre industrileiarar på Stord er også Aaland spent på om Kværner kjem til å få kontrakten på bygginga av Johan Castberg-plattforma.

– Me har ikkje utnytta heile potensialet vårt her på Stord. Me har jo eit anlegg her som har kapasitet til å ta på seg endå meir, og ønskjer å jobbe for meir aktivitet her. I tillegg er me opptatt av at andre lukkast lokalt og at me har et sterkt lokalt «cluster» som spelar på og utnyttar kvarandres kompetanse. Og så håpar me jo på at Kværner Stord vinn Johan Castberg-konktrakten, som er viktig for heile regionen og gir betydelege synergier lokalt, seier Aaland.

- Annonse -