Dag Sele skal måndag til Oslo for å vere med å avgjere korleis KrF stiller seg til mistillitsforslaget mot Listhaug. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Jobben som fastlege var ikkje lenger var foreinleg med verdiane til Dag Sele (53). No står den ferske fylkesleiaren for Hordaland KrF framføre ein ny kamp: å få partiet ut av krisa. 

Dag Sele kjem hastande inn på Kringla Konditori, få minutt etter avtalt tid. Han heng frå seg jakka, nikkar og set seg godt til rette ved hjørnebordet innerst i kafeen.

– Eg såg ikkje meldinga di, eg hadde det litt travelt. No kom eg nettopp frå jobb, så det blei litt hektisk i overgangen, seier han.

Det er ikkje tvil om at det ofte vert hektisk for 53-åringen. I kvardagen jobbar han på Distriktspsykiatrisk senter (DPS) på Stord, der han tek vidareutdanning som psykiater.

Han sit òg i sentralstyret til KrF, og nyleg vart han vald som fylkesleiar i Hordaland.

Kona er ein god støttespelar

Sele er gift med modist Åshild Oma Sele frå Stord og saman har dei tre vaksne barn. Han meiner sjølv at det er kona som har lagt til rette for at han kan jobbe som politikar.

- Annonse -

– Åshild har vore ei veldig viktig støtte å ha på heimebane, spesielt då det storma i 2014. Det at ho har verkstaden sin heime, har nok gitt meg ein større høve til å bruke tid og krefter på dette enn eg elles kunne hatt, seier han.

Sele har lenge vore politisk engasjert. I 1999 blei han vald inn i kommunestyret i Bø, der han satt i 15 år. Hausten 2011 fekk han vervet som varaordførar, parallelt med at han var vararepresentant i Stortinget for KrF i Telemark dei siste to periodane.

Politiske verv er kort sagt blitt ein naturleg del av livet til stordabuen.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

– Sjølv om eg har hatt mange verv samtidig, er eg ganske god på å organisere meg. Eg klarar å kople ut. Samtidig er det ikkje til å stikke under ein stol at politikk er noko ein må leve med heile tida. Sånn sett er det enklare å ha eit tydeleg skilje mellom privatlivet og jobben som psykiater, fortel han.

Sele har sine teknikkar for å kople ut kvardagsstresset. Til vanleg likar han å høyre på gamle vinylplater, og trivst særdeles godt på hytta i Sveio med familien.

– Elles fungerer det litt som vekselbruk. Når eg fokuserer på politikken, får eg ein pause frå jobb, og motsett.

Tilbake i barndomsbyen

– Det er noko spesielt med naturen på Vestlandet, sukkar Sele medan han betraktar horisonten gjennom vindaugsglaset i konditoriet.

Det er ikkje meir enn tre år sidan han flytta tilbake til Stord, etter over tjue år i Telemark, der han jobba som fastlege. Der hadde han truleg framleis vore i dag, hadde det ikkje vore for reservasjonsdebatten.

Då dei nye reglane frå Helse- og omsorgsdepartementet ikkje lenger ga fastlegar moglegheita for å reservere seg mot spiralinnsetjing, bestemte han seg for å slutte som fastlege og vidareutdanne seg til å bli psykiater.

– Kva var årsaka til at du valde å flytte tilbake til Stord?

Sele tek seg god tid til å svare.

– Eg og kona mi har lenge prata om at me ein eller annan gang skulle flytte tilbake hit. Men me har alltid prata om dette 5-10 år fram i tid, og det har liksom aldri blitt mindre. Det har alltid vore om 5-10 år. Samtidig fann me ut at me like gjerne kunne starte heilt på ny, då eg først skulle gjere noko anna, seier han.

– Korleis var det å komme heim, etter så lang tid vekke?

– Eg må innrømme at eg var litt spent på korleis dette kom til å bli. Når du flyttar til ein annan stad i vaksen alder og alle barna er vaksne, har du ikkje lenger dei same kontaktpunkta som du hadde før. Stord er ikkje det same som det var for 30 år sidan, seier han.

Vegen gjennom partikrisa

Politikken har gjeve Sele ei stor kontaktflate, men trass i lang levetid som politikar, har han ingen intensjonar om å bli politikar på fulltid. Målet er å halde fram i jobben og få lov til vere med å prege fagmiljøet på Stord.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

– Eg har ikkje noko behov for å vere ein annan stad om fem år, enn der eg er no. Eg trivst med kvardagen akkurat slik, seier han.

I fjor gjorde Kristeleg Folkeparti sitt dårlegaste val i etterkrigstida, med ei oppslutnad på berre 4,2 prosent. Som nyvalt leiar av det som kanskje er det viktigaste fylkeslaget i KrF, har Sele no hovudansvaret med å snu skuta.

– Eg har eit sterkt ønskje om at partiet mitt skal bli noko sterkare enn kva dei er i dag. Eg opplever at veldig mange er einig med oss i ein del saker, men at dei likevel ikkje røyster på oss. Her er det ei sperre som me må finne ut av.

– Har du ein teori om kvifor det er slik?

– Nokon føler kanskje at dei ikkje er kristne nok. Men ein treng verken å gå i kyrkja eller å synge i kor for å stemme KrF.

Sele har sjølv funne vegen gjennom ei verdikrise, og no håpar han å hjelpe partiet med å skulle meisle ut sitt politiske prosjekt. Forandring må til, om dei skal lukkast, trur han.

– Me må finne ut kva saker som er viktigast for oss i dagens samfunn. Me må klare å vere mindre opptekne av fortida og sjå på kva som er aktuelt i framtida. Viss me klarar å få synleggjort kva me står for, viss me prøver å leggje desse evinnelege samarbeidsdebattane bak oss, trur eg me vil få eit betre resultat, konkluderer Sele.