Foto: Statoil
- Annonse -

Laurdag kveld blei arbeidarane ved Aasta Hansteen-understellet i Digernessundet evakuert då det vart oppdaga at nokon hadde skrive at det var ein bombe om bord på riggen.

Rundt 160 arbeidarar blei evakuert etter at politiet fekk kjennskap til trugselen. Bakgrunnen var at ein av arbeidarane hadde skrive på riggen at det var ei bombe om bord.

Det var Sunnhordland som først melde om saka.

Understellet til plattforma Aasta Hansteen står utanfor Digenes på Stord. Foto: Fjord-Kongen

– Me fekk melding frå vakta på Kværner Stord om at det var skrive at det var ei bombe om bord på riggen. Det var difor bestemt å evakuera dei som var om bord, seier operasjonsleiar Jan Magne Østebøvik i Sør-Vest politidistrikt til avisa.

Raskt avklart

Lars Ole Bjørnsrud, kommunikasjonssjef i Technip Norge seier til Stord24 at situasjonen blei raskt avklart, og at arbeidarane kunne dra tilbake på jobb i 12-tida søndag føremiddag.

- Annonse -

– Det oppsto ein situasjon laurdag ettermiddag som vart oppfatta som ein trugande situasjon. For å vere på den sikre sida blei plattforma evakuert og alle vart tekne på land, og plattforma blei sikra slik at den kunne stå ubemanna. Så har politiet gjort sine undersøkingar og gitt beskjed søndag føremiddag om at dei oppfatta situasjonen som trygg.

Veit ikkje identiteten

Bjørnsrud seier at dei ikkje er kjend med kva som skjedde under trugselen.

–  Politiet gjorde utifrå dette sine vurderingar, og snakka med folka som hadde vore om bord. Uti frå desse undersøkinga oppfatta dei situasjonen som trygg.

– Veit de identiteten til personen som skreiv trugselen?

– Me veit ingenting om vedkomande. Der må politiet få gjere sine undersøkingar.

– Har evakueringa hatt konsekvensar for framdriften på arbeidet?

– Me jobbar jo for Statoil, så det må ein nesten ta med dei. Men me jobbar vidare i høve planen. Det er likevel klart at då me måtte gå av plattformen laurdag kveld og var tilbake søndag kl. 12, så var dette sånn sett eit kort opphald.

Det var arbeidarar både for Technip og Kværner om bord på riggen då evakueringa skjedde.

 

 

- Annonse -