Aasta Hansteen på veg mot Stord

Fredag morgon starta Aasta Hansteen-understellet si lange ferd mot Stord. Sjekk dei spektakulære bileta av giganten! Video: Statoil

Posted by Stord24 on Friday, April 21, 2017
- Annonse -

Fredag morgon norsk tid starta det gigantiske understellet til Aasta Hansteen-plattformen si lange ferd mot Stord. Sjå video øvst i saka.

No ventar ein to månader lang transportetappe på verdas største tungtransportfartøy, «Dockwise Vanguard». Understellet skal bli transportert heile 14500 nautiske mil.

Bileta frå Sør-Korea syner korleis understellet vert førebudd til transport og avreise frå verftet.

– Endå meir spektakulært bli det på Stord til hausten når plattformdekk og understell skal samanstillast før uttauing til feltet i Norskehavet, seier pressetalsmann Eskil Eriksen i Statoil.

Anslagsvis to månader etter avreise kjem understellet til Høylandsbygd i Kvinnherad. I Høylandsbygd vert sjøsikringa fjerna og understellet vert flytta av transportfartyet.

Deretter vil understellet bli taua til Klosterfjorden der det skal setjast på høgkant før det vert taua til Digernessundet. Her skal Kværner Stord gjennomføre den det planlagde arbeidet med ferdigstilling.

- Annonse -
- Annonse -