I tett snøvêr blei plattformdekket i dag transportert til Digernessundet. Foto: Westcon
- Annonse -

No er allereie jobben med å samanstille plattformdekketdekket med understellet i gang.

Sjå bildegalleri her:

Etter ein noko lengre stopp ved Westcon i Ølensvåg, grunna det dårlege vêret, kom topsiden til Aasta Hansteen-plattforma endeleg fram til Digernessundet på Stord laurdag kveld.

Her ventar som kjent understellet til Aasta Hansteen, som kom til Stord i sommar.

Plattformdekket lyser sterkkt opp i desembermørket. Her frå Tømmervikjo. Foto: Øyvind Kyvik

– Me kan bekrefte at plattformdekket er på plass. Alt har gått som planlagt. Grunna vêret har me vore i Ølen fram til no, og dette er jo ein operasjon som alltid er vêravhengig, og me tilpassar heile tida operasjonen i høve til vêret, fortel pressekontakt i Statoil, Eskil Eriksen.

Han fortel at jobben med å kople plattformdekket saman med understellet allereie er i gang.

- Annonse -

– Me har no starta samanstillingsoperasjonen med understellet. Det er ein operasjon som vil ta rundt 70 timar.

Operasjonen som no skal gjerast er skildra i denne animasjonsvideoen som Statoil har laga:

- Annonse -