John Tonnessen (innfelt) orsakar Stord kristne skule-leiar Geir Martin Økland for den politiske prosessen.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: John Tonnessen frå MDG meiner de er ei overkøyring av lokalt sjølvstyre at kommunestyret ikkje har høve til å velje om ein vil ha religiøs privatskule på Stord.

Fyrst. Miljøpartiet Dei Grøne si røyst i saka var nei i forvaltningsstyret, det avgjorde me etter å diskutere saka og våre medlemmar samrøystes meinte rådmannen hadde rett, me er eit demokratisk parti. I kommunestyret ville difor vår røyst vore nei der óg uansett.

Eg skal vere ærleg og seie at personleg så meiner eg at saka var vanskeleg av to grunnar. Den eine at dette blei eit skjønsspørsmål, der for og mot var like gode svar etter mi meining. Eg hadde motsegn lik rådmannen, men kunne óg med godvilje og tillit til Geir Martin Økland sjå korleis ein kunne røysta for å gje dispensasjon. At våre medlemmar såg det annleis avgjorde vår røyst.

Hadde inga mynde

Men det som gjorde saka mest vanskeleg var at kommunestyret berre hadde mogleik til å røysta over noko så viktig som ein privat religiøs skule i vårt lokalsamfunn som ei byggjesak. Me hadde inga mynde til å diskutere eller avgjere om me ynskjer dette, det blei avgjort i Utdanningsdirektorat og høgare styresmakter. Me som skal forvalta Stord si framtid har altså blitt fråteke retten til å avgjera noko så viktig som om me ynskjer å ha private eller religiøse skular.

Resultatet såg me i røystinga, kommunestyret delte seg langs politiske skillelinjer som gjekk langs dei skillelinjene som dei politiske partia har mot private eller kristne skular. SV og Ap og Stordlista var samd med rådmannen, Høgre, Frp, V, Sp og Krf var for dispensasjonen.

- Annonse -
- Annonse -

Tvungen til å røysta for

Ein skal vere forsiktig med å gjetta andres motiv, og ein skal óg vere forsiktig med å kalla ein spade med rett navn. Men eg trur at når saka var så tvilsam i det formelle så kunne ikkje dei folkevalde lete vere å bli påverka av sine eigne meiningar om ein religiøs privatskule i kommunen. Ingen kan vedgå det, for då har dei handsama saka urett. Men når røystelinjene er som dei er så tyder det på at andre omsyn har blitt tatt inn.

Eit medlem av eit av partia som røysta for dispensasjon sa til meg at helst ville røysta mot, men vart tvungen til å røysta for av partiet sitt. Det blir rot når ei skjønsmessig byggesaksvurdering skal tas om ei sak som for mange er så prinsipielt tung.

Overkøyring av lokalt sjølvstyre

Kanskje eg skulle vore mindre prinsipiell, og gjort som dei andre politikarane og gjøymt meg bakom firkanta reglement. Men me lev i eit samfunn som blir meir og meir styrt av sentrale føringer. Professor Tom Are Trippestad fortel i ein forelesning (2012, nrk.no, søk på “Retorisk styring av profesjoner”) at det finnest ingen demokratiar som har ein så sentralstyrt skule som Noreg. Kommunar og fylke skal slåast i saman, nokre med tvang. Skular skal leggjast ned og slåast i saman. Sjukehustenester skal bli sentralisert, truleg med døden til følgje.

- Annonse -

Alt smått skal vekk, alt skal bli stort. 9 av 10 er mot eigedomsskatt, men 9 av 10 kommunar har innført han, fordi det ikkje er samsvar mellom kommunen sine oppgåver og finansieringa slik dei blir definert av byråkratar og politikarar i Oslo. Skyss lager ein ruteplan for Stord som har flaue feil og som gjer livet vanskeleg for dei som er avhengige av buss, for byråkratane i Skyss har tydeleg ikkje god nok kjennskap om resten av Hordaland. Overalt ser me at det som er viktig for folk blir avgjort av nokon andre, ein annan plass, uten lokalkunnskap, og uten reell lokal medverknad.

Dette er ikkje berre eit problem, det er eit sjukdomsteikn. Og det fører til at folk mister tiltru til vårt folkestyre.

At friskulelova er slik at kommunestyret ikkje får velje om me vil ha religiøs privatskule er nok ei slik overkøyring av lokalt sjølstyre.

Byråkratar, høgtståande politikarar og rådmenn tenkjer at Noreg er demokratisk, men dei har fulltidsjobb med å navigere dei stadig meir kronglete og inngripande regelverk og lover som blir skrivne. Me andre sitt att med avmakt og frustrasjon.

– Må tore å vere ulydig

Geir Martin Økland seier at mi protestrøyst går mot demokratiet, men eg meiner at nokon gonger må ein i demokratiet tore å vere ulydig. Det å sei frå at no er det nok, det er óg ei demokratisk handling. Å vere sivilt ulydig er óg ei demokratisk handling.

Kanskje eg er på skogstur i det grøne og høyrer berre ekko i skogen, men eg trur at me treng ein protest mot sentraliseringa. Eg vonar at Geir Martin Økland kan orsaka meg, men nei hadde det blitt uansett.

John Tonnessen
Representant i Stord kommunestyre for Miljøpartiet Dei Grøne

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -