Jan Morten Nesse i Stord24 skriv i dette kåseriet om sitt første møte med Henrik Ibsen, om pengesetlar som mistar hovudet - og om skepsisen til å betale med Vipps.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

KÅSERI: Ibsen og eg er er i ferd med å koma på godfot igjen. Eg skal lesa alt han har skrive. Men eg skal aldri skaffa meg Vipps!

Av: Jan Morten Nesse, Stord24

Me har kome til eit viktig vegskille. Pengesetlar for nesten 50 milliardar skal bytast ut. No er det berre sjølve høvdingen igjen, tusenlappen med Edvard Munch. Resten av dei gamle heltane våre på papir er allereie borte.

Peter Christen Asbjørnsen på grønt, Kirsten Flagstad på raudt, Kristian Birkeland på blått og Sigrid Undset på brunt er alle bytta ut med fiskeskøyter, kongekrabbar og andre snåle motiv som handlar om havet. Dei skal visa oss Noreg si nærings- og velferdsutvikling. Fantastiske setlar, men det store vegskillet markerar at me ikkje har menneske som har betydd mykje for Noreg på setlane våre lenger.

Mitt fyrste møte med ein tidlegare gamal høvding var temmeleg upersonleg og det er ikkje så forferdeleg lenge sidan eg møtte han heller. Det var heilt i byrjinga på 80-talet, 1980-talet vel å merka. Eg blei kjent med sjølvaste Henrik Ibsen! Ikkje det at dette møtet betydde noko særskilt, verken for meg eller Ibsen, men eg fekk i alle fall sett korleis mannen ser ut.

På denne tida var eg ein liten tass, pengesetlane var enormt store, tiarane knitra i staden for å klirra og hadde ein vakker, lyseblå farge. Tusenlappane var store som laken og måtte brettast tre gongar for å få plass i lommeboka. Ibsen var på ein måte sjefen over alle dei andre. Eg var lenge tilfreds med korleis me vart kjent med kvarandre.

- Annonse -
- Annonse -

Etter kvart som eg vaks til, tala eg alltid Ibsen si sak. Kvart einaste høve, kvar einaste sjanse eg hadde til å seia nokre velvalgte ord om han nytta eg meg av. Det var før eg fylte år, til konfirmasjonen min eller når eg skulle på leirskule til Dyrkolbotn. Eg hadde blitt god til «Å tala Ibsen si sak», men etter kvart viste det seg at det stod att mykje å læra om karen, som for eksempel at han skreiv store litterære verk.

Det skulle ha seg slik at eg skulle veksa endå meir. Eg hadde nyss vorte kjend med Fridtjof Nansen, Bjørnstjerne Bjørnson og Camilla Collett også. Niels Henrik Abel dukka opp og smilte til meg frå femhundrelappen. Henrik Ibsen høyrde eg stadig meir om på skulen, men det enda med at eg voks frå min gode ven Henrik.

Eg hadde til dels blitt uvenar med dei andre også. Utanom Nansen. Han var kul. Det var som om dei gamle heltane ikkje gjorde meg rikare på same måte som før. Mykje av dette hang saman med at eg fekk forholdet mitt til Ibsen snudd fullstendig på hovudet. Det er ikkje lett å ha ein ven som ein plutseleg får vita er namngjeten og mykje meir kjend blant folk enn det ein trudde. Slik mister ein gode vener.

Eg blei illsint på Henrik då eg i niande klasse måtte lesa «Gjengangere», «Villanden» og «Peer Gynt» til ein vanskeleg heildagsprøve i litteratur. I staden for å lesa desse tre verka, las eg «Fruen fra havet», «Jeppe på bjerget» og «Lille Eiolv» fordi eg hadde notert meg feil sidetal til tentamen.

Eg sleit meg i håret og blei skikkeleg fortvila då læraren vurderte mitt forhold til Ibsen som «lite godt». Eg har då forsyne meg kjent karen sidan eg var fire år gamal, så korleis våga ho påstå at me ikkje kjende kvarandre godt nok?

- Annonse -

Klassekameratane klaga over at Ibsen var så forferdeleg kjedeleg og tungt å lesa.  Eg var lei meg for at han var totalt borte for meg. Det var bittert å mista ein god ven på denne måten, men eg ville ha han tilbake, om så eg måtte bli sentralbanksjef for å få viljen min.

Eg skal sei meg einig med dei som sa Ibsen skreiv tungleste verk, men så er det no dette me har arva frå han og då. Og arva vår er ikkje til å spøka med, for det er den som viser oss kva våre besteforeldre og tippoldeforeldre hadde for seg.

Det som gjer Ibsen keisam for somme kan vera at me lever i eit heilt anna samfunn enn han gjorde, med smarttelefonar, Vipps og betaling på nett. Ibsen hadde verken nettbank eller internettilgang, så korleis skulle han tilpassa det han skreiv til dagens ungdom, som vert underhaldne med nettbrett, LAN-treff og skytespel?

Eg forsvarar Ibsen fordi eg pleidde vera kamerat med han. Framtidige generasjonar får ikkje sjansen til å bli kjent med han på same måten eg fekk.

Her ein dag møtte eg to skuleelevar som fortalde meg at dei at dei likte Ibsen og hadde lese noko av det han har skrive. Eg likte det eg høyrte. Min gamle ven har funne nye måtar å treffa ungdomen på.

No som Noregs Bank skal byta ut alle dei gamle heltane våre med maritime motiv, kjenner eg at eg får lyst til å friska opp litt i mitt gamle venskap med Henrik Ibsen. Eg har allereie tenkt på å ta ein telefon til sentralbanksjefen og be han revurdera dei nye setlane. Då er eg halvvegs. Vidare skal eg på eit skodespel i Bergen, det neste som vert satt opp på Den Nasjonale Scene.

Sjølv om eg ikkje heilt har klart å relatera det kompisen min skreiv til den tida eg sjølv lever i, trur eg at det skal gjera godt å blåsa nytt liv i vårt gamle venskap. Les ein Ibsen utan å skjøna så mykje, er det ikkje vits i å gå rundt å skamma seg. Det er sikkert ingen andre som skjønar så mykje heller.

Ibsen og eg er er i ferd med å koma på godfot igjen. Eg skal lesa alt han har skrive. Men eg skal aldri skaffa meg Vipps!

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -