Brørne Torleif og Christian mista begge to livet i samband med narkotikamisbruk. Dei blir minnast kvar dag med eit lys i leilegheita til mamma Irene. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Debatt: Korleis kan kriseteamet i kommunen vita kva som er eit traume eller ei krise hos kvar enkelt familie, når dei ikkje kan ta ein telefon?

Avsendaren av dette innlegget ønskjer å vera anonym. Stord24 kjenner identiteten til vedkomande.

Eg las artikkelen om Christian Fylkesnes Landa. Svaret som blei gitt av Mariann Jacobsen Hilt var veldig ambivalent.

Korleis kan kriseteamet i kommunen vita kva som er eit traume eller ei krise hos kvar enkelt familie, når dei ikkje kan ta ein telefon? Kva type situasjon/traume skal til for å få ein telefon?

Mariann Jacobsen Hilt svarte at kriseteamet har gode rutinar og personalet har høg kompetanse, men at dei kan bli betre. Korleis kan dei bli betre når dei ikkje tar traumane alvorleg?

Kanskje det er på tide å snakka med dei som har gått gjennom traumer og lære av det? Gå gjennom rutinane på korleis dei handterer dei ulike traumene. Alle mennesker opplever traumer ulikt. Nokon har eit godt støtteapparat rund seg, og andre ingen.

- Annonse -

Å mista eit barn er det verste traumet ein kan oppleva i livet. Eg håpar desse spørsmåla kan få dei i kommunen til å reflektera, diskutera, gå gjennom rutinar og heva kompetansenivået til dei i kriseteamet.

Empati, sympati og medkjensle er noko me aldri må gløyma når ein jobbar med mennesker.

- Annonse -
Forrige artikkelGir seg etter 13 år som lokal sjef i Tveit Regnskap
Neste artikkelRekordmange tek MC-lappen på Stord. Per Ove meiner éi gruppe skil seg ut