Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Mannen som fall tre meter etter at mobilkranen han førte lausna, er innlagt på Haukeland sjukehus med alvorlege skader.

Det meldte Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding fredag.

67-åringen blei frakta rett til akuttmottaket på Stord sjukehus etter ulukka, som skjedde torsdag føremiddag. 

Ulukka skjedde då han skulle lesse av nokre høyballar på eit gardstun på Fjellgardane på Stord. Mannen fall ca. tre meter rett ned då kranen lausna, men han skal ikkje ha fått klemskadar.

– Han skulle lesse av tre høyballar her. Medan han haldt på så har desse greiene her kranen velta og lausna av. Det er heilt uforklarleg korleis det skal ha skjedd, sa gardsdrivaren der ulukka skjedde til Stord24.

- Annonse -