MF "Hardangerfjord" har lagt til kai i Sagvåg den seinare tida. Foto: Venelaget for MF Hardangerfjord
- Annonse -

Draumen var å gjere den gamle bilferja om til turistbåt. Slik gjekk det ikkje. I helga blir ho bli sendt frå Sagvåg til opphugging i Danmark.

Det har vore Johan Brigsen (72) i Dimmelsvik i Kvinnherad sitt store prosjekt dei siste åra. Brigsen har brukt tusenvis av kroner på å bringe den gamle ferja MF «Hardangerfjord» tilbake frå København.

– Det nærmar seg 900.000 kroner til saman. Alt av eiga lomme. Eg har ikkje fått fem øre frå riksantikvaren, trass i at det er uttalt at båten er verneverdig, seier Brigsen til Bergensavisen.

Blir frakta vekk i helga

Den siste tida har den gamle ferja lagt til kai ved den gamle ferjekaien i Sagvåg. Men allereie i helga blir båten slept vekk.

– No er slepebåten på veg, og i løpet av helga blir ferja slept til Fredrikshavn for opphugging, seier Brigsen.

Før ferja vart frakta til Sagvåg låg ho på slipp i Dåfjorden. Her vart den sandblåst og malt utvendig, og ser ganske tiltaltande ut frå utsida. Men det er på innsida at de er verst.

- Annonse -

– Innvendig er det verre stilt. Det var der pengane skulle brukast. Hadde eg berre fått pengane eg treng, ville ferja blitt gjort heilt ferdig.

Treng 250.000

Men dersom nokre pengesterke ønskjer å redde den 65 år gamle ferja er ikkje alt håp ute. Brigsen seier til avisa at det som må til for at han kansellerer planane om opphugging er 250.000 kroner.

– Det er berre å ringe!

MF «Hardangerfjord» vart levert frå verft i Bergen i 1953, og har dekksplass til 30  personbilar.  I 1959  vart ho omdøypt  til «Vøringen» , og  segla  i diverse rutesamband  for HSD fram til 1983. Så hadde ferja eit lengre opphald i København, før Brigsen frakta ferja heim til Norge i 2011.