Foto: 59 Grader Nord
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Med ei ubetalt gjeld på rundt 700.000 kroner vart 59 grader nord i dag slegen konkurs, skriv Sunnhordland.

– Me har prøvd og prøvd dei siste månadene. Hatt kontakt med bank, og jobba og stått på sjølv. Men det har ikkje gått rundt. Så sjølv om det er fullt på kafeen om laurdagane, så har den generelle etterspurnaden på Stord gått ned, forklarar Warren Tolentino til Sunnhordland.

Det er kona hans Anne Marie Valvatne som har stått for den daglege drifta på kafeen på Bytunet i Leirvik, som har gradvis utvida frå å vere ein kaffebar til utviding med servering av øl, vin og matrettar.

- Annonse -

Ekteparet har lenge forsøkt å selje serveringsstaden til nye eigarar, men utan hell.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -