Varaordførar Jakob Bjelland (Sp). .Arkivfoto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Eg blir overraska om det er nokre andre parti på Stord som har så mange unge folk som oss, seier Jakob Bjelland, som stiller på topp for Senterpartiet på Stord.

Onsdag kveld vart nominasjonsmøte til Senterpartiet halde. Dei er det tredje partiet på Stord som no har listene sine klare, etter Arbeidarpartiet og SV før jul.

  • Sjå Sp-lista nedst i saka

Lista vert toppa med to av dei mest markante Sp-politikarane på Stord, Jakob Bjelland og Silje Vatna. Elles er det mykje nye namn på lista, ikkje minst blant ungdom.

– Tre av dei ti øvste kandidatane på lista vår er under 30 år. Eg blir veldig overrraska om det er nokre andre parti som har så mange unge folk øvst på lista, seier varaordførar og Sp-topp Jakob Bjelland.

Stor spennvidde

Den yngste på lista er 22 år gamle Tor Olav Blekenberg (født i 1996), som til vanleg er veterinærstudent.

Men det er også mange seniorar på lista. Seks av 20 på lista er oppført som pensjonistar. Ni kandidatar er over 60 år gamle. Den eldste av dei er Magnhild Kyvik, som er 81 år gammal.

- Annonse -
- Annonse -

Dermed er det 59 år mellom den eldste og den yngste kandidaten på lista til partiet.

– Me har hatt ein veldig god utvikling både med tanke på medlemmer og nye folk på lista. Eg trur me har fått ein god miks, der me får nye folk men samtidig held på rutinen og erfaringa vår.

Håper på fire-fem i kommunestyret

For fire år sidan gjorde Senterpartiet det beste kommunevalet på Stord nokon sinne, noko som gav dei tre representantar i kommunestyret. Bjelland er ikkje framand for tanken om at årets val kan bli endå betre.

- Annonse -

– Me veit at meiningsmålingane nasjonalt ligg høgare no enn for fire år sidan. Eg trur fleire og fleire får augene opp for at me er eit breiare parti enn me historisk sett har framstått som. Me meiner det er mogleg å få inn fire-fem i kommunestyret.

– Meiningsfullt

Bjelland har vore innvald i kommunestyret i 16 år, og var ikkje i tvil til å halde fram som toppkandidat for partiet i fire år til.

– Eg synest det er meiningsfullt å jobbe med lokalpolitikk. Så ser eg det er mykje spennande som skal skje på Stord i åra framover. Me har framleis utfordringar med å få bygd skulane, og me må løyse utfordringane i Langeland-krinsen. Samtidig blir det ei utfordring at me no blir meir ein utkant i Vestland enn me har vore. Me må difor stå saman og bygge ein slagkraftig region saman med Rogaland.

Kona til Jakob Bjelland, Esther Aasen Bjelland, har også representert Sp i Stord-politikken dei siste åra. Ho står ikkje på lista dette valet.

– Ho tek vidareutdanning og er travelt oppteken som einingsleiar, seier Bjelland.

Her er lista til Sp:

PlasseringNamnFødeårYrke
1Jakob Bjelland1972Sivilingeniør
2Silje Vatna1983Adjunkt og økonom
3Guro Kristi Holmberg1978Gardbrukar/sjukepleiar
4Stig Kjoberg Almås1969Gartnar/arbeidsleiar
5Nancy Aasheim1977adjunkt/sakshandsamar
6Tore Jubskås1993industrimalar
7Per Geir Vatna1954snekker/sjølvstendig næringsdrivande
8Janne Irene Eikeland1991veterinær/gardbrukar
9Tor Olav Blekenberg1996veterinærstudent/ekspeditør
10Øystein Huglen1956gardbrukar/bussjåfør
11Ingrid Jahn Jordåen1980sjukepleiar/helsesekretær
12Jon Vikane1948gardbrukar/pensjonist
13Sissel Ingeleid Bjelland1948kontormedarbeidar/pensjonist
14Jan Vidar Kannelønning1955gardbrukar/jordskifteingeniør
15Knut Vikane1977salssjef
16Magnhild Kyvik1937lærar/pensjonist
17Svein Harald Grov1949pensjonist
18Sunniva Hovland Sande1991Ruskonsulent/sjukepleiar
19Lars Clausen1950malar/pensjonist
20Bjørn Gunnar Vad1948bonde/pensjonist

- Annonse -