Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein 53 år gammal mann blei stansa av politiet i natt, og var lite samarbeidsvillig.

Det var klokka 01.15 natt til fredag at 53-åringen blei stansa i kontroll på Stord då han var ute og køyrde.

– Det begynte med at han var mistenkt for promillekjøring. Deretter var han vanskeleg og sint, og det enda opp med at han blei teken med til arresten i Haugesund, seier vaktsjef Emma Audunsdottir ved Haugesund politistasjon til Haugesunds Avis.

Ho fortel at mannen iallfalll kjem til å bli politimeld for promillekøyringa i første omgang.

- Annonse -

– Eeg har ikkje helt oversikt over kva andre politimeldingar det kan bli snakk om førebels, seier Audunsdottir.

Det var på fylkesveg 545, på vestsida av Stord, at mannen blei stansa, etter tips om vinglete køyring.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -