Planskisse som viser anleggsområdet samt planlagte utslipp og sjøvannsinntak til anlegget for produksjon av laksefisk på Årskog i Fitjar kommune.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kobbevik og Furuholmen Oppdrett As har fått alle løyva i boks til å etablera landbasert anlegg for oppdrett av matfisk og settefisk av laks, aure og regnbogeaure på Årskog.

Av: Ingrid Hovstad, Fitjarposten

– Me er svært glade for at alle løyva endeleg er i boks, seier dagleg leiar i Kobbevik og Furuholmen,  Ingebrigt Landa.

Kobbevik og Furuholmen søkte i 2017 om å få produsera inntil 10.000 tonn postsmolt og matfisk av laks, regnbueaure og aure i eit landbasert anlegg på Årskog. Men søknaden stoppa oss Mattilsynet, som blant anna var redd for smitte til nærliggande anlegg.

Kobbevik og Furuholmen klaga på Mattilsynet sitt vedtak, og sendte inn ny informasjon og meir detaljerte vurderingar. Mattilsynet meinte den nye dokumentasjonen var tilstrekkeleg, og  i februar oppheva dei avslaget.

– Me hadde ein god dialog med Mattilsynet, og heldigvis snudde dei, seier Ingebrigt Landa.

- Annonse -
- Annonse -

Med godkjenning frå Mattilsynet i boks, gjekk søknaden vidare til fylkeskommunen. Fylkeskommunen har vurdert søknaden med omsyn til biologisk mangfald, forureining av det ytre miljø og økologiske effektar. Påverknad på omgjevnaden gjennom støy og utslepp til luft og vatn er også vurdert av Fylkesmannen i Hordaland, som har gjeve utsleppsløyve etter forureiningslova.

- Annonse -

– Etter ei samla vurdering gjev Hordaland fylkeskommune Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS løyve til å etablera landbasert anlegg, heiter det i svarbrevet frå fylkeskommunen.

Dagleg leiar Ingebrigt Landa fortel oss at dei no jobbar fortløpande med prosjektering, planlegging og budsjettering.

– Det er ein del detaljar som skal på plass enno, men me håpar å koma i gong med bygginga so snart som råd.

Den totale utbygginga vil kosta 600 – 800 millionar kroner, og det ferdige anlegget vil gje rundt 35 arbeidsplassar.

- Annonse -