Fleire tusen deltok på Fest i Vest i Sagvåg. Men ikkje alle klarte å oppføre seg. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stordabu slepp å sone fengselsstraffa forbi retten meiner valdshandlingane var framprovoserte.

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka sto det at valdsepisoden skjedde inne på sjølve festivalområdet. Det korrekte er at det skjedde rett utanfor. 

Det var i slutten av juni i år under Fest i Vest i Sagvåg, at valdsepisoden skjedde. 33-åringen hadde først vore på jobbfest, der han drakk om lag 10 halvlitarar.

Så drog han til Sagvåg, der han ankom rundt klokka 23 saman med ein kamerat. Kort tid etter oppsto det knuffing mellom 33-åringen og fornærma, som er ein 26 år gammal stordabu.

Fekk kutt over auga

26-åringen bestemte seg for å gå vekk frå situasjonen. Men tiltalte følgte etter, og utdelte eit slag med høgre hand som trefte fornærma i hovudet. Slaget medførte at han rykte bakover og fekk eit kutt over auga.

Vaktane kom så til staden og haldt 33-åringen igjen fram til politiet kom.

- Annonse -
- Annonse -

Retten er ikkje i tvil om at valdsepisoden skjedde slik vektaren skildra i vitneforklaringa. Som bevis i saka har retten også sett ein chattelogg på Messenger, der tiltalte ba fornærma om unnskuldning dagen etter.

Forsvararen til 33-åringer la ned påstand om full frifinning, og begrunna det med at handlinga var eit resultat av provokasjon og at han handla i naudverge, og viste til at fornærma hadde dytta tiltalte.

- Annonse -

Men Sunnhordland tingrett meiner det ikkje føreligg grunn til naudvergje, då fornærma nettopp hadde gått vekk frå tiltalte før slaget inntraff.

Slepp å sone

Sjølv om hovudregelen er at utelivsvald skal straffast med fengsel utan vilkår, så kjem retten fram til at 33-åringen skal sleppe å sone dersom han held seg vekke frå lovbrot dei neste to åra.

– Retten legg vekt i formildande retning på at tiltalte sitt slag av fornærma var framprovosert av fornærma sjølv. Sjølv om det ikkje lar seg bevise kven som dytta kven, legg retten til grunn på det mest gunstige alternativet for tiltalte, skriv retten.

Tiltalte blir dermed dømt til 30 dagars fengsel på vilkår. Han slepp også å betale erstatning til fornærma. Retten understreker likevel at dei ser alvorleg på valdshandlingane.

– Utelivsvald i berusa tilstand er svært alvorleg både for den som råkast og for samfunnet for øvrig.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -