Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Mannen framsto som uskadd, men blei teken med til legevakta for sjekk.

Det var klokka 18.50 at politiet fekk melding om eit køyretøy som hadde køyrt i ei lyktestolpe i ved Skjersholmane på Stord.

– Føraren framsto som uskadd, men blei sjekka av ambulansepersonell på staden. Han blei teken med til sjukehuset for sjekk, opplyser Sørvest politidistrikt.

Ulukka skal ha skjedd i nærleiken til ferjekaien på Skjersholmane.Føraren, ein 30 år gammal mann, var aleine i bilen då ulukka skjedde.

Politiet har ikkje mistanke om ruskøyring.

– Nei, det er det ikkje mistanke om. Det er berre ein som har vore uheldig. Heldigvis ser det ut som det gjekk godt, seier operasjonsleiar Nikolai Austerheim i Sørvest politidistrikt.

- Annonse -

Trafikken gjekk som normalt på staden etter ulukka.

- Annonse -