Håkon Frode Særsten var mottaksleiar nedlagte Litlabø Mottak. No er han nestleiar ved Stord mottakssenter på Heiane., og skal busetje nye flyktningar på Litlabø. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Mottaksleiar Håkon Frode Særsten kalla inn til krisemøte for dei tilsette etter at han i går fekk melding om at mottaket på Litlabø vert lagt ned.

– Me opplevde dette som overraskande fordi berre nokre dagar før hadde me vore i møte med UDI Vest og la planar om neste år. Så eg hadde ingen mistanke om dette på førehand. Eg trur heller ikkje at UDI Vest hadde nokre mistankar. Eg har fått tilbakemelding om at også dei vart overraska, seier mottaksleiar Håkon Frode Særsten ved Litlabø EMA-mottak.

I går fekk han meldinga frå UDI om at mottaket blir lagt ned 1. april. Tida etter har mellom anna gått til krisemøte for å informere dei tilsette. Totalt 26 tilsette, både fulltid og deltid, vil miste jobbane sine.

– I går kalla me inn til eit krisemøte, men det var ikkje alle me fekk tak i. Så i dag har me jobba med då få tak i resten. Me har 16 faste stillingar, og tre stillingar på prosjektbasis. Inkludert deltid er det snakk om 26 personar som vert råka av dette.

– Har du sjølv noko ny jobb å gå til?

– Det har eg ikkje. Eg er i same situasjon som alle dei andre.

- Annonse -

– Korleis var det for deg å få denne meldinga?

– Eg vart jo overraska. Me har jo fått tilbakemelding om at me var best i Norge. Me håpte jo på at kvalitet var det som gjorde at me sleppte å bli lagt ned. Då me opna mottaket var det 91 EMA-mottak i Norge, no er det sju igjen, seier Særsten.

Dei har førebels ikkje formidla bodskapen til alle bebuarane.

– Mange har fått vite om det, men me har  ikkje nådd ut til alle. Etter kvart som dei kjem heim frå skulen i dag vil dei bli orientert om situasjonen. Men eg trur nok ryktet har spreidd seg.

– Korleis reagerer dei?

– Dei spør kor skal me no? Men det er jo tre og ein halv månad igjen. Me har ein stor gruppe som fyller 18 år i denne perioden, og ei stor gruppe som allereie har fått kommune som dei skal flytte til. Når det gjeld resten av bebuarane så blir dei omplassert på andre EMA-mottak i Norge.

Særsten vil rose UDI for samarbeidet dei har hatt i dei åra mottaket har eksistert.

– Me har hatt ein veldig god og tett kontakt med UDI Vest, og me har vore veldig tilfredse med samarbeidet med dei. Eg opplevde at me fekk melding med ein beklagelse for at me no blir lagt ned.

- Annonse -