Russebussen «All Smiles» skal sørgje for positiv stemning på vegane under russetida på Stord.
– Me ville ha eit positivt lada namn. Me er jo ein gjeng med veldig glade gutar som likar å nyte livet og gjere det beste ut av alt. Og å gripe sjansen når den bryr seg, fortel Magnus Eldøy.
Han er ein av dei 24 russegutane på Stord som i meir enn to år har planlagt ei russetid ingen på Stord har sett makan til. Berre finpussen står igjen av russebussen «All Smiles», som altså skal spre positiv stemning i russetida.
Med det har Stord fått sin første russebuss. Eit fenomen som tradisjonelt har vore forbeholdt russen på beste vestkant i Oslo eller i Fana-traktane i Bergen.
– Me skal spre positiv stemning, og har tenkt veldig på ringverknadane det vil ha å få eit så stort køyretøy her på øya.
Må ut med over 700.000
Eldøy legg ikkje skjul på at det kostar å få ein russebuss på vegen. Så langt har dei brukt heile 700.000 kroner på kjøp og restaurering bussen, klede og effektar og til og med innspeling av eigne russelåtar.
– Korleis skaffar de pengar for gildet?
– Me har jo hatt salsdugnadar og jamnlege innbetalingar for å dekke bussen. Dei fleste av oss er lærlingar eller har jobb ved sidan av skulen. Så me har pengar til salt i grauten.
– Alle med god stemning får sitje på
Gjengen har allereie gitt ut nokre russesongar, som alleireie har blitt svært godt spelt.
– Ein av songane har vore på viral top Norway-lista (lista over dei mest spelte norske songane på Spotify, jour. mrk.) og ein song har hatt over 1 million avspelingar. Me har knyta til oss nokre konktaktar som er veldig flinke med musikk.
I løpet av russetida legg dei opp til jamnlege «rulleturar» på dei lokale vegane. Gruppa har nyleg lyst etter ein bussjåfør som er dristig nok til å ta på seg oppdraget. Fleire har meldt seg, fortel Eldøy.
Sjølv om nokre russebussar har fått mykje negativ medieomtale, blant anna for å berre la dei mest populære få vere med på rulleturar, vil «All Smiles» vere meir inkluderande.
– Me vil jo ha med oss folk på festar og eg trur mange vil vere med. Me kjem ikkje til å vere kresen på kven som får sitje på. Dei som har med seg god stemning får bli med.