Illustrasjonsfoto: politiet
- Annonse -

Natt til torsdag hadde UP trafikkontroll på Bømlo og ein mannleg sjåfør tråkka så hardt på pedalen at førarkortet vart inndrege.

– Det er jo veldig alvorleg at det vert køyrd i ein slik fart. Det har eit stort skadepotensial, ikkje berre for den som køyrer. Dei utset også andre trafikantar for stor fare, seier Stord-lensmann Odd Harald Hovland.

Det var klokka 01:50 at ein personbil vart målt til 143 km/t i ei 80-sone. Den 23 år gamle føraren erkjente tilhøvet og vart fråteke førarkortet.

– Når vi ser kor mange vi no har teke på kort tid, kjem vi til å halde fram med ein høg kontrollaktivitet på vegene generelt, men spesielt på Bømlo, seier Hovland.

– Både UP og dei ordinære patruljene våre kjem til å ha eit auka fokus.