mandag, 18. februar 2019
- Annonse -
Heim Nyhende Krim og hendingar 23-åring frå Tysnes sakna i Madrid

23-åring frå Tysnes sakna i Madrid

824
Kvinna frå Tysnes er sakna i Madrid. Foto: Pixabay
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kvinna var på helgetur til den spanske hovudstaden førre helg, og har ikkje gitt teikn frå seg på ei veke.

Laurdag meldte NRK at ei 23 år gammal kvinne frå Hordaland er sakna i Madrid. Same dag skriv Tysnesbladet at kvinna skal vere frå Tysnes.

Avisa skriv at det mora hennar som har meldt dottera sakna.

– Familien hadde sist kontakt med den sakna måndag 21. januar, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding laurdag kveld.

Kvinna skal ha budd og jobba i Fuengirola sør i Spania den siste tida, og var på helgetur i Madrid førre helg.

Til NRK seier politiet at dei samarbeider med spansk politi i etterforskinga, og at dei har avhøyrt fleire av dei 23-åringen var saman med før ho forsvann.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Me har vore i kontakt med fleire personer som ho var sasman med i Madrid og avhøyrt dei per telefon, seier politioverbetjent Bjarte Schrøen i Vest politidistrikt til NRK.

Politiet har ikkje registrert livsteikn frå kvinna sidan 21. januar.

23-åringen har lyst, bleika hår ned til midt på ryggen, er normalt bygd og 1,55 meter høg. Familien oppmodar alle som kan ha informasjon om saka å ta kontakt med politiet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -