Saka gjekk for Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein osing blei slått gjentekne gonger i ansiktet natt til 1. januar i år.

Det var under ein nyttårsfest i Os at valdshandlingane skjedde. Stordabuen gjekk laus på ein jamnaldrande mann frå Os, som blei slått gjentekne gonger i ansiktet med knytt hand.

Slaga medførte at osingen blei påført eit tre centimeter djupt kutt over nasa, og fleire mindre kutt i ansiktet.

I retten kom det fram at fornærma måtte sy fleire sting etter valdshandlingane, og at han fekk eit kraftig blått auge.

Stordabuen har vedkjent seg handlingane. Saka vart difor avgjort med ei tilståingsdom i Sunnhordland tingrett.

Sanninga av tilståinga blir styrkt av vitneavhøyr og bilete av skadene, som blei framstilt for retten.

- Annonse -

– På bakgrunn av dette har retten funne det bevist at den sikta har gjort seg skuldig, og at han har handla forsettleg, konkluderer Sunnhordland tingrett.

Stordabuen forklarte at han blei valdeleg som bakgrunn av at osingen skikanerte han og truga med å banke han. Dette blei også delvis stadfesta av vitneforklaringar.

I tillegg er det formildande at stordabuen tidleg tilsto handlingane. Han får difor strafferabatt for dette. Påtalemakta la ned påstand om fengsel i 120 dagar. Retten kom fram til at 90 dagar er ein passande straff.

- Annonse -