NAV har også tru på eit tilsvarande godt 2020.
– 2019 vart eit toppår for arbeidsmarknaden. I gjennomsnitt er det året med lågast arbeidsløyse dette tiåret, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
I 2019 var arbeidsløysa i gjennomsnitt 1,8 prosent av arbeidsstyrken i regionen. Det er ein nedgang på 117 arbeidsledige i høve 2018.
– Den positive trenden har vedvart sidan 2017. Det går godt i fleire næringar, særleg innan industrien i Sunnhordland. Me ser eit optimistisk næringsliv. Me trur at 2020 vert eit nytt godt år for arbeidsmarknaden, og forventar ei stabilt låg arbeidsløyse, seier Østerlid.
Samtidig vil ho ikkje skjønmale situasjonen heilt.
– Samstundes kjenner me til at fleire har små marginar og korte horisontar på oppdragsmengda.
Tal for utlyste stillingar i Sunnhordland i 2019 viser størst etterspurnad etter fagarbeidarar og personar med høgare utdanning. Mange bedrifter melder om store vanskar med å få tak i kompetent arbeidskraft.
Østerlid merkar at det er eit stadig større kompetansegap mellom personar som er utan arbeid og krava i arbeidslivet.
– Det er positivt at det er behov for arbeidskraft og at fleire kjem i arbeid. Samstundes veit me at verksemdene har vanskar med å få kvalifisert arbeidskraft.
– Blant dei registrerte hos NAV er det flest personar med vidaregåande skule som høgast avslutta utdanning. Me ser eit potensial for at NAV i større grad samarbeider med arbeidsgjevarane om rekruttering, seier NAV-leiaren.