Frå teaterfestivalen i 2018. Foto: Foto: Vindblikk/Kari Mendelejev von Svanberg
- Annonse -

I helga er det klart for ei ny utgåve av Stord Teaterfestival. – Huset vert fullpakka med skodespelarar. 

Kvart einaste år sidan 1985 har det vore arrangert teaterfestival i Stord kulturhus. Til helga er det duka for den 35. festivalen, og festivalkoordinator Trond Onarheim gler seg stort til det brakar i gang.

– For mange av deltakarane er dette årets høgdepunkt. Det er dette dei ser fram til. Det plar vere utruleg god stemning i salen. Med dette vêret kjem festivalstemninga til å bli på topp, seier Onarheim.

Festivalkoordinator Trond Onarheim ser fram til helga. Foto: Vindblikk/Kari Mendelejev von Svanberg

– Mykje gode framsyningar

I overkant av 200 barn og ungdomar frå Hordaland og Rogaland skal gå på scena gjennom heile helga. Heile 15 teaterførestillingar er sett opp. Festivalen er også eit unikt høve for barnefamiliar på Stord som ønskjer å få med seg ei teaterframsyning.

– Det er veldig mykje gode framsyningar som ein kan få med seg i løpet av helga for ein veldig rimeleg penge. Poenget er at det skal vere familievennleg. Så det er veldig kjekt om så mange som mogleg av lokalpublikumet får det med seg.

– Kva betyr denne festivalen for Kulturhuset og teatermiljøet på Stord?

- Annonse -
- Annonse -

– Dette har vore ein fast og fin festivalhelg som ein har hatt gjennom alle år. Huset er jo fullpakka med skodespelarar. Teaterlaget på Stord blir ofte framheva av dei andre teatergruppene for at dei er veldig erfarne med festivalbygging og det å inkludere foreldre som frivillige, noko mange andre lurer på korleis dei får til.

- Annonse -

Variert program

Onarheim fortel at det aldri før har vore så mange lokale lag frå Stord med på festivalen. Stord teaterlag, Spinae Company og Stord kulturskule skal ha framsyningar.

Onarheim kan også love eit spennande program som ikkje er direkte teaterrelatert.

– Det blir konsert med Emilie Østebø frå Karmøy, som vil opne festivalen fredag. Ho spelte også på 100 Dagar-festivalen på Stord tidlegare i år. Så vil me også arrangere badediskotek i svømmehallen for deltakarane.

Syngekino

I tillegg blir det ei spennande nysatsing. Stord filmklubb, Stord kino og Teaterfestivalen arrangerer «sing-along» kino i Småsalen på Stord Kulturhus laurdag kl 18. Dei vil vise teiknefilmen «Syng» – med mikrofon for alle som vil synga med til alle hitlåtane.

– Me håpar på liv i salen når deltakarane på Teaterfestivalen er invitert til å vera med på å synga med. Men pass på å sikra deg billett tidleg. Det kan fort bli fullt! seier leiar i Stord filmklubb, Svein Olav B. Langåker.

- Annonse -