Atle Hansen. Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.
- Annonse -

Atle Hansen feirar 20-års jubileum som forfattar i år, men kviler ikkje på laurbæra. 62-åringen har stadig ting på hjarta og er no aktuell med barneboka ”Apetryne”.

Det er sjeldan Atle Hansen har eit bestemt utgangspunkt når han skriv. Som regel berre startar han og ser kor språket fører han. Men denne gongen var historia ei anna.

Brukar eigne erfaringar

Apetryne handlar om forelsking, utanforskap og det å føla seg åleine. Gjerne det som heitte egling då eg var liten. Boka er ikkje ein sjølvbiografi. Men den enkle, vesle situasjonen der Arne blir kalla for apetryne har eg sjølv opplevd som barn, fortel Hansen.

– Eg hugsar kor det hende, kven som var til stades, men ikkje kvifor dette hende. Eg hugsar berre den vonde kjensla, og eg har bore dette minnet med meg i 50 år. Men eg er overtydd om at dei som egla meg ikkje hugsa det neste dag ein gong.

– Det er ikkje alltid dei som mobbar eller eglar er klar over kor vondt det kan gjera. Ofte er det ikkje meint som bevisst vondskap. Men det kan gjerne virka slik, for den som er «offeret», seier Hansen.

- Annonse -

Forfattaren brukar gjerne eigne erfaringar og kjensler når han skriv for barn og unge, og han trur fleire vil kjenna seg igjen i tematikken i boka.

Foto: Kari Mendelejev von Svanberg.

– Det er klart at ein 10-åring i dag har nok sett og erfart mykje meir enn ein 10-åring på sekstitalet, som knapt hadde sett eit fjernsyn. Men eg trur ikkje folk endrar seg så mykje. Kjenslene er dei same i dag som før, trur Hansen.

Skriven for hand

Boka er skriven for hand, med blyant og viskelêr, og tok form på senterkafear på Stord, blant mylder av gåande og handlande.

– Når eg skriv på PC, skriv eg fortare enn eg tenkjer. Denne gong bestemte eg meg for å tvinga meg til å skriva sakte. Når eg då fører teksten inn frå handskrift til data etterpå, legg eg merke til kvart enkelt ord. Då blir det også enklare å stryka vekk unødvendig fjas, legg han til.

Bok nr. 19 i rekka

”Apetryne” vart utgjeven av Samlaget i august og er bok nr. 19 i rekka sidan Hansen debuterte i 1997. Dette er ein av fleire bøker han har skrive for barn på mellomtrinnet.

Hansen har dessutan jobba som journalist for Sunnhordland Avis i nærare 30 år, fram til han nyleg pensjonerte seg i fjor haust.

– Det finst få spenningsbøker på nynorsk, og bøker generelt, for barn i den aldersgruppa. Derfor vil eg gjerne gi mitt bidrag, seier han.

Og sjølv om boka handlar om utanforskap og det å føla seg åleine, kan han fortelja at den også har mykje optimisme.

– Poenget mitt er at det ikkje nødvendigvis er så farleg å føla seg utanfor, sjølv om det kan vera vondt å oppleva. Ein stad er det heilt sikkert nokon som likar deg, som ser deg og som du kan søkja fellesskap med, konkluderer Hansen.

- Annonse -