Sunnhordland tingrett.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Halvtanna år etter dødsulukka i Kvinnherad må føraren møte i retten, tiltalt for aktlaus køyring.

27. desember 2017 omkom 18 år gamle Jens Emil Tøkje Jacobsen frå Kvinnherad i ei trafikkulukke mellom Husnes og Sunde.

Føraren, som også var 18 år på ulukkestidspunktet, hamna på sjukehus med kritiske skader.

Ulukka skjedde då føraren mista kontroll over bilen i ein svak sving, som gjorde at bilen fekk skrens og kolliderte i eit autovern, før bilen blei kasta mot autovernet på motsett side av vegen. Dette autovernet slo inn i kupeen og førte då til at 18-åringen omkom.

Halvtanna år seinare, i midten av juni i år, må føraren møte i Sunnhordland tingrett over tre dagar. Han er tiltalt for brot på vegtrafikklova §31 for aktlaus køyring. Bakgrunnen for tiltalen er at ulukkesrapporten har vurdert farten til å vere minst 72 km/t i 60-sona i forkant av ulukka.

– Farten blir sentral i retten

Advokat Håkon Velde Nordstrøm. Foto: Borgen Advokatar

Advokaten til den tiltalte kvinnheringen, Håkon Velde Nordstrøm, seier det er ei belastning for klienten at saka kjem opp for retten såpass lenge etter ulukka.

- Annonse -
- Annonse -

– Det er sjølvsagt beklageleg både for klienten min og for dei etterletne til han som omkom. I denne saka har det teke lang tid før me fekk ein endeleg rapport om ulkka. Den siste ulukkesrapporten frå Vegvesenet var datert september 2018, seier Nordstrøm.

Førebels vil ikkje advokaten seie noko om korleis 20-åringen stiller seg til skuldspørsmålet.

- Annonse -

– Eg kan ikkje seie noko om det no. Det som blir sentralt i retten er jo spørsmålet om det straffrettsleg lar seg bevise at farten var så høg som det kjem fram i tiltalen.

– Noko av det verste som kan skje

I tiltalen heiter det at det er farten som medførte at føraren mista kontroll over bilen.

– Korleis ser klienten din på det å bli tiltalt i saka?

– Ein ung kar som mister kompisen sin på denne måten er jo sjølvsagt noko av det verste som kan skje. Det seier seg nesten sjølv at dette er ei vanskeleg sak.

Strafferamma for det kvinnheringen er tiltalt for er fengsel inntil eitt år.

– Eg vil bli overraska dersom straffa blir så lang, seier forsvararen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -