Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

DEBATT: Å bli fråteken sertifikatet utan at ein har gjort noko gale, og få husværet sitt ransaka utan at det føreligg skjellig grunn gjer noko med ein.

Av: Jonas Langeland Tysse (19), Stord

Eg, og mine rundt meg, har stor respekt for, og set i høgste grad pris på, det viktige arbeidet som politiet utfører. Likevel stiller eg no spørsmål kring måten enkelte tilsette handterer nokre saker/situasjonar på.

Personleg har eg aldri vore i kontakt med politiet før inntil nyleg, og møtet vart diverre ikkje av positiv art. Eg sit att med eit heller negativt inntrykk og rett og slett ei kjensle av å ha vorte urettvist behandla.

Det var kvelden torsdag 05. mars at eg vart stoppa i tilfeldig promillekontroll på Stord, vurdert som truleg rusa og fråteke førarkortet. Eg opplevde at deler av kontrollen vart utført på ein ugrei måte, kjende meg førehandsdømt og at det nærast vart leita etter «noko å ta meg på». Eg har aldri køyrt bil eller andre køyretøy i påverka tilstand, og har elles plettfritt rulleblad.

Etter at eg hadde blåst negativt i alkometer vart det påpeika at pupillane mine ikkje reagerte tilfredstillande på lys (det var mørkt, og politimannen lyste på meg med ei lommelykt). Det vart då utført ein «teikn-og-symptom-test», eg vert fråteken mobiltelefon og førarkort og framstilt for legevakt utan at eg får ei forklaring på kvifor.

- Annonse -

På legevakta avlegg eg rein urinprøve, og det vert teke blodprøve. Legen som er på vakt utfører ei klinisk undersøking, og han uttalar at han ikkje finn tilsvarande funn som politiet. Legen sin konklusjon er at eg ikkje er ruspåverka.

I tidsrommet medan eg oppheld meg på legevakta gjennomfører politiet ei ransaking av husværet mitt. Eg er ikkje opplyst om at dette skjer, og har ingen informasjon om bakgrunnen for ransakinga. Etter straffeprosessloven sitt kapittel 15 §192 – §202 kan husransaking gjennomførast kun når det er skjellig grunn. Med skjellig grunn forståast som at det må ligga ei sansynligheitsovervekt på meir enn 50 % for at ein person er skuldig. Då eg aldri har vore i politiet sitt søkelys, ikkje er ruspåverka og heller ikkje får utslag på verken promille- eller urinprøve kan eg ikkje forstå at politiet har grunnlag for å meina at det er meir enn 50 % truleg at eg er skuldig, og derfor ta seg inn i heimen min. Dei finn sjølvsagt ingenting under ransakinga. 

Dagen etter møter eg opp på politistasjonen for å freista få nokre svar på kvifor sertifikatet mitt er inndrege. Eg får då vita at det verken er skrive rapport eller oppretta sak frå gårsdagen, berre at eg må smøra meg med tolmod og venta i 3 veker før eg eventuelt får lappen tilbake – dersom eg er uskuldig.

Å bli fråteken sertifikatet utan at ein har gjort noko gale, og få husværet sitt ransaka utan at det føreligg skjellig grunn gjer noko med ein. Eg er svært skeptisk til måten politiet har nytta ressursar på i denne saka – som ikkje skulle vore noko sak i utgangspunktet. Eg opplever ei haldning hos politiet som tilseier «skuldig til det motsette er bevist», og synes det er både provoserande og trist.

Den skjebnesvangre torsdagskvelden skulle eg berre køyra kjærasten min til ei veninne – ein tur på knappe to kilometer. Det skulle ta meg 10 minuttar. I staden enda det i to-timars makt(mis)bruk, og 3 veker med redusert fridom og livskvalitet.

Registerer i pressa og sosiale media at det er fleire enn eg som reagerer på politiet sine metodar og framferd for tida. Eg undrar meg over at det skal sitja så langt inne å vedgå at det er vorte begått ein feil, og gje meg førarkortet attende…

- Annonse -
Forrige artikkelHan vert den nye rektoren på Hystad skule: – Det er ein arbeidsplass som gir meg mykje energi
Neste artikkelFøreslår bru over Bømlafjorden i staden for ny tunnel