Luftambulanse kom til staden. Illustrasjonsfoto: Wikipedia
- Annonse -

Ein kollisjon mellom ein bil og ein scooter i Matre i Kvinnherad fekk eit tragisk utfall.

Klokka 20.16 måndag fekk naudtatane melding om trafikkulukka mellom ei kvinne som køyrde ein scooter og ein bil.

I første meldinga framkom det at kvinna ikkje var ved medvit.

Luftambulansen kom til staden om lag ein time seinare. Rett etter klokka 23 melder Vest politidistrikt at livet til den 18 år gamle kvinna diverre ikkje sto til å redda.

Politiet opplyser at det er store materielle skadar på ulukkesstaden. Vegen er stengt på ubestemt tidspunkt.

– Undersøkingar held fram på staden utover kvelden og natta, opplyser Vest politidistrikt.

- Annonse -

Ulukka skjedde like sør for Krabbanestunnelen i Matre.

Ulukka skjedde like ved Matre i Kvinnherad. Kart: Wikipedia