Politiet stansa tysdag kveld ein bil med to ungdomar som framsto som rusa.
Bilen vart stansa i ein rutinemessig kontroll ved Eldøyane på Stord klokka 18.20 tysdag.
– Det var to unge menn i bilen, og begge framsto som rusa, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Mats Hinderaker.
Han opplyser at det var snakk om køyring i narkotikarus og ikkje alkoholrus.
Føraren, ein mann på 18 år, blei framstilt for blodprøve, og fekk førarkortet beslaglagt.
Politiet gjorde også funn av mindre mengder narkotika i bilen.