Illustrasjonsfoto: politiet
- Annonse -

Politiet gjorde litt av eit funn då dei haldt fartskontroll på Bømlo natt til laurdag.

Det var i 03-tid natt til laurdag at politet Utrykningspolitiet kontrollerte trafikken ved Folderøy på Bømlo.

Den høgaste hastigheiten som blei registrert var ein bil som køyrde i svimlande 183 km/t i 80-sona.

– Bilføraren var ein 18 år gammal jente. Ho samtykka til beslag av førarkortet, melder Sørvest politidistrikt.

Det er nærliggande å tru at den unge sjåføren kan venta seg ein streng straff. I følgje Vegtrafikklova vil køyring i meir enn 136 km/t i 80-sona som hovudregel føra til fengselstraff.

Her er det altså snakk om køyring i nesten 50 km/t over enn denne grensa.

- Annonse -

– Dette er ein uvanleg høg hastigheit i forhold til det me vanlegvis plar å få inn. Me ser alvorleg på denne type åtferd i trafikken, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Herman Emil Eileraas til Haugesunds Avis.