Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Politiet på Stord måtte ta seg av ein del urokråker mot slutten av nasjonaldagen.

Det første oppdraget skjedde like før midnatt, då ein mann i 20-åra blei vart teken for bruk og oppbevaring av narkotika. Dette blir han politimeld for.

Like etterpå, klokka 00.15, kunne politiet konstatere at årets russefest på ingen måte var over. Ei mengde russ hadde teke seg inn på ein campingplass og laga mykje bråk.

– Feste løyste seg etter kvart opp med god hjelp frå politiet, opplyser politiet sjølv på Twitter.

Den største urokråka blei teken hand om så seint som klokka 4.15 om natta.

Ein rusa mann i 50-åra hadde tidlegare på kvelden fått beskjed om å halde seg vekke frå sentrum. Dette respekterte han ikkje, og blei sett i køyrd til arresten.

- Annonse -

– Han vert også politimeldt for forulemping av offentleg tenestemann, opplyser politiet.

- Annonse -