- Annonse -

Ein 16 år gammal lettmotorsyklist køyrde på ein bilist i 80-åra ved Esso-stasjonen i Leirvik sentrum.

Det var like før klokka 16 at politiet fekk melding om ein motorsyklist som hadde køyrd på ein bil i Leirvik sentrum.

– Me fekk melding frå AMK rett før klokka fire, og hendinga hadde skjedd ca. 15.40. Ein motorsyklist hadde køyrt på ein bil som skulle svinge av ved Esso-stasjonen i Leirvik, seier operasjonsleiar i Sørvest politidistrikt, Brit Randulff.

Alle naudetatane kom til staden etter ulukka. Føraren blei lettare skada og blei frakta til legevakta.

– Føraren, ein 16 år gammal gut, hadde skada seg i ein skulder og blei frakta til legvevakta. Her blei det teke avhøyr av han.

Føraren av bilen som blei køyrd på, ei kvinne i starten av 80-åra, kom uskadd frå kollisjonen.

- Annonse -

16-åringen hadde gyldig førarkort. Politiet seier dei ikkje har mistanke om ruskøyring.

- Annonse -