Daniel Sagvaag (13) vart sendt med helikopter til Haukeland med dobbelt armbrot. Foto: privat
- Annonse -

Daniel fekk eit bra plaster på såret etter at han knekte begge armane i motorcross-uhell.

Palmesøndag gjekk det skikkeleg gale då Daniel Sagvaag (13) køyrde motorcross på Bømlo. Han veit ikkje heilt kva som skjedde, men han enda opp på Haukeland sjukehus med to brekte armar.

– Eg hugsar ikkje så mykje sjøl, men eg trur at eg flaug framover då eg var i lufta og tok meg for med begge armane. Så vart det svart, fortel den uheldige guten.

Daniel er ikkje skremt frå å drive med motorcross igjen. Foto: privat

Seks veker med gips

Ambulansehelikopter kom til staden og tok han med til Haukeland sjukehus. Der måtte Daniel konstatere dobbelt armbrot, og seks veker framføre seg med armane i gips.

Timinga kunne vore betre. Ingen fri frå skulen og ei heil ferieveke framføre seg der han må ha hjelp til alt.

- Annonse -

– Det er ganske keisamt. Eg får ikkje gjort noko sjøl, og må få hjelp til alt. Pappa og mamma må til dømes svara for meg på meldingar.

Trengte 500 likes- fekk 15.000

Som plaster på såret gjorde mor til Daniel ei avtale om at ho skulle kjøpe ein Playstation 4 dersom han ville klare å få meir enn 500 likes på statusen som han la ut på Facebook tysdag.

Det tok ikkje lange tida. Statusen gjekk nemleg viral. Mindre enn eit døger seinare har over 15.000 likt på satusen, 3000 har delt den og 700 har kommentert.

Playstation4-konsollen er allereie i hus. Foto: privat

– Eg blei ganske sjokkert at så mange likte den. Eg trudde ikkje me ville koma til 100 ein gong, seier Daniel.

Har allereie kjøpt Playstation

Og mora haldt det ho lova. Allereie no så har familien i Sagvåg ein splitter ny Playstation 4 i hus.

– Me kjøpte med ein gong me fekk 500 likes. Då sa mamma at me skulle setja oss i bilen.

Men å spele, det kan han ikkje. Førebels må han nøye seg på å sjå på når andre spelar for han. Trass i den dramatiske ulukka så er den tøffe guten allereie klar for å setje seg på sykkelen igjen når armane vert bra.

– Eg skal tilbake igjen. Eg har ikkje blitt skremt.

 

- Annonse -