Illustrasjonsfoto: Politiet
- Annonse -

Ein 14 år gammal gut vart søndag morgon stansa av politiet på Langeland på Stord.

Det var klokka 6.35 søndag morgon at politiet fekk stansa den svært unge guten i ein stelt bil på Langeland.

– Gutten framstår i tillegg som rusa, melder Sørvest politidistrikt.

– Me stansa guten som følgje av eit tips. Det var ikkje tilfeldig at me kom over bilen, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Mads Hinderaker.

Varsla barnevernet

Politiet fekk snarleg varsla eigaren av bilen om at politiet hadde kontroll på den stelte bilen.

– Guten vart køyrt til legevakta for blodprøve. Foreldra til guten og barnevernsvakta vert varsla, melder politiet.

- Annonse -

Det skal ikkje vere noko relasjon mellom 14-åringen og eigaren av bilen, opplyser politiet.

14-åringen er under den kriminelle lågalderen på 15 år, og kan soleis ikkje bli straffa for forholdet.

– Eg reknar med at det vil bli ei oppfølging frå førebyggande på Stord. Ein samtale om ikkje anna, seier Hinderaker.

Fleire køyrde rusa

I tillegg til denne episoden måtte politiet ta seg av ein annan rusa mann på øya i natt.

– Me stansa ein mann i 20-åra ved Sandvikvåg, som hadde positivt utslag på promilletesten.

Mannen, som er heimehøyrande i Sagvåg, blei stansa klokka 04.12, og fekk førarkortet sitt beslaglagt.

Laurdag føremiddag blei ein tredje person teken i køyring i påverka tilstand. Dette var i samband med ein promillekontroll i Sagvågsvegen laurdag føremiddag.

Av 31 kontrollerte vart det eitt utsleg.

– Ein mann i slutten av 40-åra blåste til over tillat verdi og blei teken med til lensmannskontoret, meldte politiet på Twitter.

- Annonse -