Ulukka skjedde i Folderøyvatnet like sør for Rubbestadneset på Bømlo. Kart: Google
- Annonse -

Det enda tragisk for ein 14 år gammal gut då fire kameratar drog på badetur til Folderøyvatnet på Bømlo laurdag.

Klokka 13.05 laurdag ettermiddag meldte AMK-sentralen om ein badeulukke i Folderøyvatnet på Bømlo.

– Fire gutar i tenåra dreiv og bada i vatnet, då den eine av gutane fekk problem eit stykke frå land, opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i politiet i ei melding.

Mista han ut av syne

Dei tre andre gutane mista då den fjerde guten ut av syne, og gjorde fleire forsøk på å lokalisera han.

– Det var utan resultat, melder politiet, som opplyser at det var dårleg sikt i vatnet.

Folderøyvatnet på Bømlo: Flyfoto: Gule sider

Samtidig som dette pågjekk fekk gutane varsla naudetatane. Store ressursar blei sendt til staden, og det var til slutt dykkarar frå brannvesenet som fann guten under vatn.

- Annonse -

– Han blei frakta til land, kor helsepersonell utførte hjarte- og lungeredning på han. Diverre førte ikkje dette fram, og guten blei erklært død av lege ca. klokka 14.30.

Pårørande er varsla

Guten som omkom er 14 år gammal og kjem frå nærområdet.

Hans nærmaste pårørande er varsla, og alle involverte i hendinga blir følgt opp av Bømlo kommune sitt kriseteam.

Folderøyvatnet ligg like sør for Rubbestadneset på Bømlo.