- Annonse -

Generalforsamlinga vedtok utbytte etter eit solid årsresultat for 2016.

Sunnhordland Kraftlag presenterte tidlegare i vår eit solid resultat før skatt på 161,4 millionar kroner for 2016. Generalforsamlinga for selskapet vedtok nyleg at 120 millionar kroner av dette vil gå som utbytte til aksjonærane.

Det betyr at Stord kommune, som eig 2,1 prosent av aksjane, vil motta eit utbytte på 2,57 millionar kroner.

Nytt styre

- Annonse -

Ny styresamansetnad vart også bestemt på generalforsamlinga. Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, blir vald som nestleiar i styret, og tek over etter Atle Neteland som trekkjer seg.

Stord kommune sin nye styrerepresentant vert Willie Wågen, som erstattar Kristoffer Vannes. Dridrik Ferkingstad held fram som styreleiar.

- Annonse -