I Am K imponerte arrangørane av Fest i Vest då dei spelte på Stord . Foto: Peter Tubaas
- Annonse -

Bandet I Am K, som vann Vestlandssatsinga under 100 Dagar-festivalen på Stord imponerte også arrangørane av Fest i Vest.

Dei første artistane til årets Fest i Vest i Sagvåg er no klare, melder styringsgruppa.

Arrangørane har lete seg imponere av I Am K, som imponerte stort under 100 Dagar-festivalen på Stord. Der vann Kristiansand-bandet den gjeve Vestlandssatsinga, som mellom anna gir dei høve til å dra på ein større turné i sommar. No er det altså klart at Sagvåg blir eitt av reisemåla.

– I am K imponerte heile delegasjonen frå Fest i Vest under 100 Dagar og me ønskjer dei lukke til med festivalsommaren deira. Me skal ta godt imot dei under Fest i Vest, og me trur dei kjem til å ta Sagvågen med storm, seier økonomiansvarleg Anders Fosse i Fest i Vest.

Comeback frå Voss

I tillegg har dei booka eit anna band som imponerte stort under fjorårets Fest i Vest-festival: det unge rockabillybandet The Vossa Rebels.

– Me ønskjer The Vossa Rebels velkomen tilbake til Sagvåg. Etter overveldande tilbakemeldingar frå publikum i fjor trur styringsgruppa at dei kjem til å imponere endå meir i 2018.

- Annonse -
Rockabilly-bandet Vossa Rebels er eit av retrobanda som skal spele på årets Fest i Vest-festival.

Festivalleiinga melder at arbeidet med planlegginga av festivalen er no i full gang.

– Me har allereie kome langt i forarbeidet til årets store hending i Sagvåg. Dei
fleste store utfordringane er unnagjort, og grunnarbeidet er lagt i løpet av vinteren. No byrjar neste fase av prosjektet, med mellom anna organisering av fasilitetar og billettsalet vil snarleg starte, seier Fosse.

Årets festival vil gå av stabelen siste helga i juni.