- Annonse -

Stordfest vert avvikla som selskap, og gir samtidig frå seg 50.000 kroner til musikkfestivalen 100 Dagar, slik at neste års festival er sikra.

Etter at den årvisse 100 Dagar-festivalen på Stord mista støtta frå Kulturrådet, har faren vore stor for at det ikkje ville vere mogleg å helde fram med festivalen. No har floken løyst seg i samband med at arrangørselskapet, Stordfest AS, vert oppløyst.

Haakon Vatle har for mykje å gjere for å arrangere eit nytt Stordfest. Men 100 Dagar er kome for å bli. Foto: Stiftelsen Statsraad Lemkuhl

– Det blir 100 Dagar til neste år. Stordfest vert avvikla, og det einaste me kjem til å fortsetje med på Stord er 100 Dagar som me er veldig stolte og veldig glade over, seier Haakon Vatle til Stord24.

Får privat sponsor

Musikkfestivalen 100 Dagar har vore drifta som ein del av aksjeselskapet Stordfest. Men i og med at Stordfest no vert oppløyst vil det bli laga ei stifting som heiter Musikkbransjetreffet 100 Dagar. Vatle fortel at dei også er i ferd med å sikre private sponsormidlar.

– No ser det ut som me får ein givar som har  lyst å vere med og sørgje for at det blir gjennomført. Det er veldig kjekt. Me synest det er så gøy å drive 100 Dagar, så no vil me heller oprrette ei eiga stifting.

- Annonse -

Ei tid for alt

At Stordfest som festival ikkje vert vidareført har lege i korta lenge, fortel Vatle.

– Me har tenkt på det lenge, og det var jo 2013 som var siste Stordfest. No er me kome til 2017, og det ei tid for alt. Me har innsett at me ikkje har det store engasjementet til å gjere det igjen. Det er veldig tidkrevjande og eit stort arrangement som krevjer mykje planlegging.

- Annonse -