Lars-Henrik Paarup Michelsen (F.v.), dagleg leiar for Norsk Klimastiftelse, var debattleiar på Stord folkebibliotek i går. I debattpanelet var ordførar Gaute Epland (Ap), Liv Kari Eskeland (H) og Steinar Røgenes. Foto: Malin Langøy Aarbø.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kværner-sjef Steinar Røgenes trur det er mykje pengar å hente i å tenke miljøvennleg.

– Det er klart at me heiar på det grøne skiftet. Det er mykje pengar i miljø, og det er fullt mogleg å skape ny industri i ein ny setting. Dette har skjedd før og kjem definitivt til å skje i framtida, uttalte han under klimadebatten på Stord folkebibliotek i går.

For eitt år sidan fekk Kværner tildelt 6,9 millionar kroner av Enova til eit landstraumsanlegg. Bustadkvarteret til Sverdrup er det første prosjektet som skal nytte seg av den nye teknologien.

Målet er å bruke ein million liter mindre i diesel.

– Vil aldri bukke under

Kværner Stord starta som ein sildoljefabrikk i 1919. Sidan den gong har dei gått over til å jobbe med både offshore og reparasjon av skip og fiskebåtar. 2017 var som kjent eit svært godt år for Kværner, med ei rekkje nye både store og små kontraktar.

Om eitt år feirar dei 100-årsjubileum. Røgenes er ikkje redd for at ei grøn omstilling vil ta knekken på verken næringslivet eller Kværner i nærmaste framtid.

- Annonse -

– Industrien på Stord vil aldri bukke under. Me har ein evne til å tilpasse oss og dette har me gjort heile vegen, sa verftsdirektør Røgenes i går.

Publikum var svært engasjerte under klimadebatten i går. Både politikarar, forskarar og representantar for næringslivet var tilstades for å drøfte klimaspørsmålet på Stord. Foto: Malin Langøy Aarbø

Framragande føredragshaldar på besøk

Fleire politikarar og næringslivsrepresentantar var tilstades då Stord folkebibliotek inviterte til debatt om miljøpolitikk i går, i samarbeid med nettavisa Framtida.no.

Forutan debattpanelet, som bestod av Gaute Epland (Ap), Liv Kari Eskeland (H) og Steinar Røgenes, var også føredragshaldar Kikki Flesche Kleiven på besøk. Kleiven er utdanna geolog og arbeidar i dag for Bjerknessenteret for klimaforskning.

Ho er rekna som ein av dei fremste formidlarane i landet innanfor klima og miljøpolitikk.

– Klimaet har endra seg mykje meir enn det me trur, kommenterte Kleiven i føredraget sitt.

– Det er viktig å tenke «worst case scenario» for å kunne investere.

Best førebudd i verda

Ifølge Kleiven er Noreg det best førebudde landet i heile verda når det gjeld klimaendringar grunna eit velfungerande sosialdemokrati og fordeling av goder.

Likevel er det mykje som har skjedd sidan førre generasjon. CO2-nivåa har auka og temperaturen har stige med ein grad i gjennomsnittet sidan 1850. Dei neste åra er det venta at det vil bli meir flaum og meir intens nedbør på Vestlandet.

Politikarane meiner det er viktig å vere løysingsorienterte.

– Eg opplever at ungdom i dag har ei heilt anna tilnærming til miljøspørsmål enn det min generasjon hadde innleiingsvis. Dette såg eg også i valkampen. Ungdom var generelt veldig opptatt av miljø og dette tenker eg lovar godt, sa Liv Kari Eskeland i debattpanelet.

- Annonse -