Rådmann Magnus Mjør. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Frå nyttår blir det ein meir hierarkisk organisering av Stord kommune, der einingsleiarane no vil rapportere til kommunalsjefane og ikkje lenger direkte til rådmannen.

Stord kommune har i 20 år organisert seg som ein to-nivå-kommune, som betyr at rådmannen og kommunalsjefane deler på toppleiaransvaret, medan det neste leiarnivået ligg hos 33 einingsleiarar.

No ønskjer rådmannen å legge inn eit nytt nivå, slik at han sjølv får eit tydeleg toppleiaransvar og dei tre kommunalsjefane får auka full makter innanfor kvart sitt faglege ansvarsområde.

– Prinsippet om at avgjerdsmynde skal liggje på lågaste nivå skal vidareførast, men mynde vert frå no delegert via kommunalsjefane. Endringa inneber ei delvis reversering av to-nivå modellen, skriv rådmannen.

Tilbake til etatsmodellen

Han skriv at endringa vil formalisere kommunalsjefane sitt faglege og administrative ansvar i kommuneorganisasjonen, og går dermed delvis tilbake slik det var for 20 år sidan då Stord kommune var organisert etter etatsmodellen.

- Annonse -

– Ein tilbakefører element av den tradisjonelle etatsmodellen utan at ein forlét hovudprinsippet i to-nivå modellen med utstrakt delegering av mynde til ansvarleggjorte einingsleiarar.

Arbeidsdelinga vert endra slik at kommunalsjefane får ansvarsområde tilsvarande dei politiske komiteane:

Mariann Jacobsen Hilt får tittelen kommunalsjef oppvekst og utdanning, Knut Gram blir Kommunalsjef rehabilitering, helse og omsorg og Lovise Vestbøstad blir kommunalsjef næring, miljø og kultur.

Utfordring å nå ut

Rådmannen skriv elles at han er misnøgd med mediedekninga av kva som skjer kommunen, og at denne er prega av «klikkstyrt journalistikk» og «kjappe oppslag i sosiale media». Difor ønskjer han at kommunen etter kvart bør drive med meir aktivt informasjonsarbeid.

– Når utviklinga i ein pressa mediebransje går i retning meir klikkstyrt journalistikk og stadig meir av informasjonen kjem i form av kjappe oppslag i sosiale medium, er det ei større utfordring å nå gjennom med informasjon om verksemda i kommunen, skriv Mjør.

Slik vert den nye toppleiinga i Stord kommune:

- Annonse -